Vinterstengde vegar opnar før 17. mai

Fylkesveg 520 over Saudafjellet frå Breiborg til Røldal opna fredag 12. mai klokka 14.00. Tysdag 16. mai klokka 12.00 opnar fylkesveg 4224 Lyseveien som går mellom Sirdal og Lysebotn. 

En brøytebil kjører på nybrøytet vei - Klikk for stort bildeSlik ser vegen over Saudafjellet ut no. Foto: Solveig Margrethe Myge

Vegane har vore vinterstengt sidan november i fjor. Fylkesveg 450 Suleskardveien blir ikkje brøyta før etter 12. mai og opningsdato for denne vegen er ikkje klar.

– Torsdag formiddag var det om lag 2,5 km igjen av Lysevegen å fresa/brøyta. Planen er å bruka måndagen til å reingjera vegbanen over fjellet og kaiområdet i Lysebotn, seier byggeleiar i Agder fylkeskommune Per Magne Hindersland.

Dermed kan trafikantane ta i bruk den populære vegen mellom Agder og Rogaland frå tysdag. Turistvegen er ein mykje brukt veg i sommarsesongen, men er altså stengt kvar vinter.

Les meir om opninga av denne vegen på Agder fylkeskommune sine nettsider

Saudafjellet

Saudafjellet blir opna fredag 12. mai klokka 14.00.

– ­Geologen vår har no godkjent at vegen er trygg å køyre på, og då opnar vi med ein gong, seier byggeleiar i Rogaland fylkeskommune Solveig Margrethe Myge