Tryggare veg ved Byrkjedalstunet

Framkomsten forbi Byrkjedalstunet har vore vanskeleg på den smale fylkesvegen, særleg om vinteren. Nå har vegen blitt breiare og betre. Onsdag ettermiddag klypte fylkesordførar Ole Ueland snora i Gjesdal. 

Fylkesordførar Ole Ueland klypper snora for å markere at vegen forbi Byrkjedalstunet er tryggare og betre. I kvar ende av snora held byggeleiar i fylkeskommunen, Robert Haider og ordførar Frode Fjeldsbø - Klikk for stort bildeFylkesordførar Ole Ueland klypper snora for å markere at vegen forbi Byrkjedalstunet er tryggare og betre. I kvar ende av snora held byggeleiar i fylkeskommunen, Robert Haider og ordførar Frode Fjeldsbø.

Kring 250 meter av fylkesveg 450 Hunnedalsvegen frå Byrkjedalstunet i retning Gilja er nå tryggare og betre. 

– Sjøl om lengda på strekket ser lita ut på kartet, er dette eit viktig prosjekt, sa fylkesordførar Ole Ueland i sin tale under opninga ved Byrkjedalstunet onsdag ettermiddag. 

Saman med mellom andre representantar for leiinga for samferdsleprosjekt i fylkeskommunen, entreprenør Risa AS, ordføraren i Gjesdal, og dei som driv Byrkjedalstunet,  markerte han at det truleg siste prosjektet i Gjesdalpakken nå er bygt. 

Ordførar i Gjesdal, Frode Fjeldsbø syntest prosjektet var så vellukka, og at dei har fått så mykje att for pengane at det var like før han føreslo å sette opp ein ny bom. 

– Prosjektet har gått føre seg heilt utan støy, sa han, og vi har fått gjennomført eit vellukka prosjekt med viktige utbetringar. 

Også innkøyringa til Byrkjedalstunet har blitt stramma opp og tryggare.

 

Heilt ferdig til påske

Vinteren har vore ekstra tøff i år, så sjølv om vegen blei markert opna denne onsdagen, gjenstår litt arbeid. 

– Det er nokre punkt som ikkje er ferdigstilt ennå, grunna frost og vintervér, fortel Jarle Skjelbreid, prosjektleiar i fylkeskommunen.

Han håper likevel å få både belysning , vegmerking og nye skilt på plass før påske.

Prosjektet har vore gjennomført innan rammane som var sett. Seks månader byggetid, finansiert med restmidler av bompengar frå Gjesdalspakken. Entreprenør Risa AS har utført arbeidet.

Arbeidet starta måndag 25. august, og det har vore perioder med sprengningsarbeid som har kravd automatisk lysregulering eller trafikkvakter som har dirigert trafikken manuelt. Det har vore noko ventetid for bilistane i perioder.