Stenger Helgøy ferjekai i éi veke for vedlikehald

Helgøy ferjekai blir stengd for vedlikehald frå 29. april til 4. mai. I denne perioden går bilferja til og frå Nesheim på Bjergøy.

ferjelem med bom forran - Klikk for stort bildeHelgøy ferjekai

Omdirigeringa skjer frå og med avgangen klokka 05.30 den 29. april, og til og med anløpet klokka 00.45 den 4. mai.

–Me har fått meldingar om enkelte bilar som kjem i kontakt med bakken når dei køyrer av og på ferja. No reparerer me ferjelemmen slik at dette ikkje skjer, seier Håkon Odland som er byggjeleiar i Rogaland fylkeskommune.

Ingen ferjeavgangar blir kansellerte og hurtigbåtane går til Helgøy som normalt.

Helgøy ferjekai ligg på Helgøy som er ein av Sjernarøyane.

Kar som viser Sjernarøyene - Klikk for stort bilde