Bjerkreim bruBrua er open for gåande og syklande i arbeidsperioden. Mesta AS som er entreprenør, startar med å setje opp eit hengestillas, som skal stå på brua under heile anleggstida.
–Etter planen skal brua vere stengd fram til 31. august 2025, men vi jobbar for å gjennomføre arbeidet, som krev stengd bru, så effektivt som mogeleg. Vi håpar å opne vegen i juni for så å stenge ein kort periode i slutten av anleggsperioden i august, seier byggeleiar i Rogaland fylkeskommune John-Olav Kirkengen.
På oversida av brua skal
- skada betongdekke bli reparert
- brudekke bli reasfaltert og fuktisolert
- skada rekkverk bli skifta ut
- brufuger bli reparerte
På undersida av brua skal
- ståkonstruksjon bli vedlikehalde
- skada betong bli fjerna (meisla) bort,
- skada armering bli skifta ut og ny sprøytemørtel bli påført
På eit seinare tidspunkt i anleggsperioden må brua bli heilt stengt, også for dei som går og syklar. Det er på grunn av ny betong under brua som treng å herde, og då kan det ikkje vere vibrasjonar i brudekket.
Omkøyring
Gamle Bjerkreimsveg er omkøyringsveg i anleggsperioden. Skilt blir sett opp for å leie trafikantane.
– Vi takkar for forståing og tolmod medan vi jobbar på Bjerkreim bru, seier Kirkengen.
Her viser omkjøringsveien