MS «Medstraum» kåra til årets skip

Fylkesordførar Marianne Chesak tok tysdag i mot prisen Ship of the Year for verdas første heilelektriske hurtigbåt, "Medstraum". Her er ho saman med Edmund Tolo i verftet som har bygt Medstraum.Fylkesordførar Marianne Chesak tok tysdag imot prisen Ship of the Year på maritim- og innovasjonsmessa SMM i Hamburg.

Stolt gjeng i Hamburg etter prisutdelinga. Frå venstre: prosjektleiar i Kolumbus, Mikal Dahle , fylkesordførar Marianne Chesak, Edmund Tolo i Fjellstrand Verft og administrerande direktør i Kolumbus, Edith Kristin Nøkling.– Dette er ei enorm anerkjenning av «Medstraum» og verdas første heilelektriske hurtigbåt. Det er første gong vi som fylkeskommune går inn som eigar av ein slik båt. Det er gjort mogleg gjennom fylkespolitikarar og tilsette sitt pågangsmot, eiga finansiering og pengar frå EU. Eg vil takke alle involverte, og legge til at eg er veldig stolt av dette! sa fylkesordføraren då ho tok imot prisen.

Ship of the Year er ein pris som heng høgt.

Verdas første

MS «Medstraum» er verdas første heilelektriske hurtigbåt. Fjellstrand Verft har bygt båten, som er 30 meter lang og ni meter brei. Han blei overlevert frå verftet til Kolumbus i sommar.

– Det har vore månader med intens jobbing, og no er resultatet her, eit produkt bygd på erfaring og kunnskap frå Kolumbus og alle dei andre involverte partnarane i prosjektet, seier Chesak.

Båten kjem til å kutte CO-utslepp tilsvarande 30 bussar kvart år, eller cirka 1500 tonn CO2.

Snart dåp

MS «Medstraum» blir døypt 22. september. Hurtigbåten har plass til 150 passasjerar, og kjem til å gå i rute mellom Stavanger, Byøyane og Hommersåk.

Dei to andre nominerte fartøya var hybridferja MF «Ryfylke», som blei sett i rute i Ryfylkebassenget i midten av juli i år, og cruiseskipet MS «Viking Polaris».

I 2021 fekk verdas første hydrogenferje, MF «Hydra» prisen, Ship of the Year.

Bilde av den helelektriske Hurtigbåten Medstraum  - Klikk for stort bildeHurtigbåten "Medstraum"  

Til toppen