Langsmed Høievegen kjem fortau og lys på strekninga mellom Småget og Førrestjørn. Sjå den raude linja.Arbeidet startar første veka i september, med å rydde vegetasjon langs vegen.
Vi skal bygge fortau på den eine sida av vegen, på ei kring 360 meter lang strekning, frå Småget til Førrestjørn. Det kjem også lys langs heile strekninga. Det har det ikkje vore tidlegare, fortel prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune, Torbjørn Jektnes.
Medan arbeidet pågår vil store maskinar og køyretøy jobbe i og nær vegbana. Vi oppmodar difor skolebarn til å bruke ei alternativ rute til skolen i denne perioden.
Ei alternativ rute kan vere Markavegen–Førresbrekka.
- Det kjem til å bli redusert framkomst til tider, men i utgangspunktet skal trafikkavviklinga gå som normalt, fortel prosjektleiaren.
Han fortel at vegen også kan bli stengt i kortere periodar grunna sprenging.
Arbeidet skal vere ferdig i mai 2027.
Her kjem nytt fortua og belysning.