Tannhelse Rogaland

Jente er hos tannlegen - Klikk for stort bilde

Tannhelse Rogaland FKF har fylkeskommunen sitt ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. Oppgåvene er blant anna å gi gratis tannhelsehjelp til prioriterte grupper etter lov om tannhelsetenesta, gjere spesialisttenester tilgjengeleg for innbyggarar i fylket, og drive forsking og fagutvikling. Eit overordna mål er å oppretthalde, betre og fremme tannhelsa i befolkninga. Difor er folkehelsearbeid eit viktig satsningsområde i Tannhelse Rogaland.

Tannhelse Rogaland har eigne nettsider

Gratis tannbehandling

Alle barn og unge opptil 18 år, psykisk utviklingshemma, eldre, langtidssjuke og uføre i institusjonar og heimesjukepleie og rusmiddelavhengige i institusjonar, får tilbod om gratis tannbehandling. Unge som fyller 19-24 år i behandlingsåret betaler 25 prosent av full takst.

Rusmiddelavhengige som tek imot kommunale tenester etter helse- og omsorgstjenesteloven § 3–2 nr. 6 på grunn av sitt rusmisbruk, i meir enn tre månader, får fri behandling på offentleg tannklinikk, eller hos privatpraktiserande tannlege som Tannhelse Rogaland har avtale med.

I tillegg har fylkestinget bestemt at òg innsette i fengsel, pasientar i poliklinisk psykiatrisk behandling og eldre i pleie av pårørande, skal få gratis tannbehandling på offentleg tannklinikk.

Vaksne betalande pasientar er velkomne til dei offentlege tannklinikkane, i den grad klinikkane har ledig kapasitet.

Kontaktinformasjon

Tannhelse Rogaland FKF – administrasjonen
Tlf: 51 51 69 96 
E-post: firmapost@throg.no

Pasientførespurnader om timeavtalar og liknande må rettast til den enkelte tannklinikken. Sjå Tannhelse Rogalands nettside for kontaktinformasjon til tannklinikkane.