Mobbeombod for barnehage og grunnskoleVi skal vere med og sikre at barn og unge opplever eit trygt og godt psykososialt miljø i barnehagen og på skolen. Omboda er uavhengige ressurspersonar med teieplikt, og vi går ikkje vidare med saker utan samtykket ditt. Mobbeombod for barnehage og grunnskole Marit Nygård Roth Send e-post Mobil: 45 44 59 89 Send førespurnad på ein sikker måte via eDialog. Merk førespurnaden med "Mobbeombud for barnehage og grunnskole". Kven kan kontakte mobbeombodet for barnehage og grunnskole? Barn, elevar, foreldre/føresette og andre rundt barnet eller eleven Barnehageleiarar, skoleleiarar og andre tilsette i barnehage og skole Kva gjer mobbeombodet for barnehage og grunnskole? Støttar og rettleiar barn, elevar og foreldre/føresette i saker om psykososialt miljø Jobbar førebyggande med informasjon og opplæring for barn, elevar og foreldre / føresette Bidreg til god tverrfagleg oppfølging etter at saker er handterte Bidreg til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt Synleggjer og informerer om mobbeombodets rolle i kommunane Les meir om retten til eit trygt og godt barnehage-og skolemiljø på nettsidene til Udir. Les meir om omboda i Noreg. Sist endret 07.06.2023 12.52