No er første stikk teke i jorda for Strand vidaregåande skule. Tilsette, fylkesordførar, elevar og entrepenørar var med på markeringa.– Nye Strand vidaregåande er eit prosjekt eg som fylkesordførar er veldig stolt av at me no kjem i gang med. Den nye skulen er ikkje berre ei stor investering i Strand, men ei viktig investering i den vidaregåande opplæringa i Rogaland, sa fylkesordførar Ole Ueland under markeringa for byggjestart.
Strand vidaregåande skule blir ny, og tilsette på skulen og i administrasjonen, elevar og entreprenørar vart invitert for å feira. Det vart servert kaffi og kake, og etterpå vart det gjort spadestikk i bakken på byggjeplassen utanfor.
Skulen vil få ein omfattande utbygging og rehabilitering i åra som kjem. Prosjektet har ein totalramme (pris) på opp mot 500 millionar kroner. Når skulen står ferdig vil dei kunne ta imot over 800 elevar, som er ein auking frå dagens kapasitet på 400.
Fylkesordførar Ole Ueland vinkar frå førarsetet.
Leiar i opplæringsutvalet, Anne Kristin Bruns, fylkesordførar Ole Ueland og rektor på Strand vidaregåande, Erik Danielsen var med på spadestikket.Dette skal bli bygd
I løpet av byggjeperioden skal ein byggja:
- over 3500 kvadratmeter med nye verkstadslokale for teknologifag, data og elektrofag med plass til 180 yrkesfagelevar.
- nye fellesområde med kantine, sosiale sonar og bibliotek – eit hjarterom som bind skulen samen.
- ny idrettshall.
I tillegg skal ein få ein betydeleg rehabilitering av eksisterande bygg. Når prosjektet er ferdig vil Ryfylke og Nord-Jæren ha ein topp moderne skule med ni utdanningsprogram. No er arbeidet i gang, og vart markert med eit stikk i jorda frå fylkesordførar Ole Ueland.
Dei førebelse teikningane for korleis skulen skal bli er utarbeidd av Link arkitektur.Glad for at ein byggjer ut
Elevrådsleiar Tina Jafari er ein av elevane som kjem frå Hundvåg.– Me er veldig takksame for at ein satsar på Strand. Ikkje berre er me ein viktig skule i Ryfylke, men me er også blitt ein skule for elevar frå Nord-Jæren. I dag har me rundt 100 elevar frå Hundvåg og Stavanger, og me håper på enda fleire i tida framover, sa rektor Erik Danielsen under markeringa.
Blant dei elevane frå Nord-Jæren er elevrådsleiar Tina Jafari. Ho går på vg2 på Strand vidaregåande.
– Eg bur på Hundvåg og trur fleire vil komme derfrå for å gå på skulen her. Miljøet er veldig godt her og eg har fått mange nye venner, sa ho.
Og sjølv om ho ikkje får sett bygget når det er ferdig, er ho glad for at skulen nå blir ny.
– Eg får ikkje sett skulen når han er ferdig, men eg tenkjer dette er kjempekjekt, sa ho under markeringa.
Rektor Erik Danielsen snakkar til elevane om den nye skulen.
Lærarar på Strand er fornøgde med at dei skal starta bygging.
Elevane på Strand er også fornøgde med at dei skal starta bygging.