Skodespel i skogen for elevar: – Ei unik oppleving

I haust visar skotske skodespelarar si tolking av boka Doppler av Erlend Loe for 700 elevar på vidaregåande skole i Rogaland. Stykket er eitt av dei største satsingsprosjekta til Den kulturelle skolesekken i år.

Mann med mørkt hår og blå genser ser i kamera og held sekk over skuldra. Foto - Klikk for stort bildeNangyalai Jani Khail såg teaterstykket i september, saman med klassen sin på Sola vidaregåande skole.

– Det var ein fin stad å gjere det på, her i skogen. Eg likte det veldig godt, og skodespelarane var flinke, seier Nangyalai Jani Khail, elev på Sola vidaregåande skole.  

Han har nettopp sitte i 90 minutt i ein skog på Øksnevad og sett teaterselskapet frå Edinburgh, Grid Iron Theatre Company, si nyaste scenekunstproduksjon, Doppler. I stykket møter me Doppler, som er gift med to barn, jobbar 23 timar i veka og syklar på sykkelen sin – heilt til ulykka skjer. Han flyttar til ein skog like utanfor Oslo, og blir venner med baby-elgen Bongo.

Nangyalai kjenner ikkje historia frå boka frå før, men seier han likte framføringa alikevell. Grunnen til at elevar frå vidaregåande skoler på Nord-Jæren og Ryfylke er inviterte til å sjå teaterstykket, er at det er ein del av Den kulturelle skolesekken (DKS) sitt program i 2025.

– Me set opp produksjonar som dette fordi det å sjå noko saman som ein klasse skapar fellesskap og felles referansar. Uansett om elevane synest skodespelet var spennande, rart eller kjedeleg, er det heilt greitt. Poenget er at dei gjer det saman, seier rådgjevar Camilla Apeland i DKS, ansvarleg for sceneproduksjonen, og ansatt i Rogaland fylkeskommune.

Gut ser på skodespel med tre skodespelarar. Skodespelaren i forgrunnen held ei bok og proklamerer til publikum, og har på seg ein sort og kvit lue og yttertøy. Skodespelar skjer i ein skog, med bål og telt. Foto - Klikk for stort bildeFrå venstre: Skodespelarane Sean Hay, Keith Fleming og Itxaso Moreno.

Gjer inntrykk på elevar

Dei siste dagane har rådgjevaren sprunge opp og ned for å ynskje nye klasser velkomne. Først fortel ho elevane litt om kva stykket handlar om, før ho tek dei med opp bakken, og inn i skogen.

Kvinne med brun lue og raud boblejakke smiler til kamera med tre og ein sti i bakgrunnen. Foto - Klikk for stort bildeCamilla Apeland er ansvarleg for produksjonen, og rådgjevar i DKS. Bak henne ser du stien ho har gått opp og ned, for å ta med folk inn i skogen for å sjå stykket.

– Elevane tenkjer nok litt av kvart om det, men eg ser at mange blir begeistra, og det er god stemning i skogen. Etter ein av framføringane var ferdig, var det to elevar som sa at dei vurderte å bli skodespelarar. Dei blei veldig inspirerte, fortel ho.

Det er ikkje eit krav at elevane kjenner til stykket på førehand, men nokre klassar går gjennom historia før dei kjem. Det viktigaste er at dei får eit møte med profesjonell sceneproduksjon, kunst og kultur.

– Det er ei unik oppleving. Mange veit ikkje kva dei kjem til før dei er her, nokon har kanskje aldri vore på teater, og mange sit att med ei oppleving å ha gjort noko litt annleis, forklarar Apeland.

DKS er eit kunst- og kulturprogram som skal sikra at alle elevar på skular i Noreg får oppleve profesjonell kunst og kultur. Det er Rogaland fylkeskommune sitt ansvar å gjennomføra og administrere ordninga.

To skodespelarar sit på kvar sin stol framfor publikum. Hovudkarakteren er kledd i grøn jakke, og bikarakteren er kledd i raud jakke. Den tredje skodespelaren står, og har på seg eit elgjekostyme, med øyre og brune klede. Skodespelet er i ein stor skog. - Klikk for stort bildeAkkurat som i boka av Erlend Loe, er teaterstykket plassert ute i skogen. Her ser du kjende karakterar, som hovudkarakteren Doppler i grøn jakke, eitt av barna til Doppler i raud jakke og baby-elgen Bongo.

Ei stor satsing

Stykket vart ein av dei større satsingane DKS har hatt i nyare tid. Å setje opp skodespelet har vært mogleg mykje takka vere teatergruppa, som gjerne ville kome til Noreg for å spele. Dei har også søkt og fått innvilga midlar gjennom Creative Scotland.

– Det er alltid ei utfordring når ein skal frakta folk og utstyr frå Skottland. Skodespelarane og teatergruppa hadde med seg rundt 20 koffertar frå flyet, blant anna ein spesiallaga koffert til elge-kostymet dei hadde med, seier Apeland. 

Ho gir ein stor takk til den nærliggande vidaregåande skole, Øksnevad, som har hjelpt til med det praktiske.

– Det heile er eigentleg eit stort samarbeidsprosjekt. Me har bygd telt og hytte, frakta ting frå A til B, og kasta oss rundt når noko mangla. Me har eit godt team som held på med dette, og eg trur ikkje det hadde vært mogleg å få det til utan alle som har hjelpt, seier Apeland.

I løpet av skuleåret 2025/2026 skal DKS arrangera 22 møte innan film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst for elevar på vidaregåande skoler.

Sjå alle produksjonane for vgs-elevar skoleåret 2025/2026