Fylkeskommunen gir forskrift om skole- og feriedagar, sjå opplæringslova § 3-2.
Elevane skal ha 190 skoledagar.
I skoleruta for 2021-2022 gjeld følgjande som forskrift og kan ikkje endrast:
- Første elevdag måndag 16. august
- Haustferie veke 41 (11. - 15. oktober)
- Vinterferie veke 9 (28. februar - 4. mars)
Det er også sett opp to felles planleggingsdagar. Datoane for desse gjeld førebels med atterhald om endring:
- Felles planleggingsdag haust tysdag 16. november
- Felles planleggingsdag vår torsdag 17. februar
Plassering av andre ferie- og fridagar samt plassering av siste skoledag gjer skolane fritt innanfor den ramma opplæringslova § 3-2 set: Opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skoleåret.
Kvar skole legg si skolerute ut på heimesidene sine.