Regionalplan for kulturmiljø 2023 - 2035

Regionalplan for kulturmiljø gir oversikt over viktig kulturarv i Rogaland, og sett rammer for den regionale kulturmiljøpolitikken. Planen inneheld både oversikt over kulturmiljø, mål, planretningslinjer og eit handlingsprogram som viser planlagde tiltak.

Planen – kort fortalt

Ein regional plan skal legge føringar for regional og kommunal planlegging og verksemd og bidra til samarbeid og utvikling med andre aktørar. Kulturmiljøvern skjer i samspel mellom det offentlege, eigarar, næringsliv og organisasjonar.  

Regionalplanen er utarbeidd av Rogaland fylkeskommune, i samarbeid med kommunane, musea, ulike organisasjonar og andre aktørar.  

Vedlegg til planen

Høyring og vedtak

Regionalplan for kulturmiljø 2023–2035 vart vedteken av fylkestinget 14.juni 2023, i sak 77/2023.

Ei supplering av oversikta over kulturmiljø av regional interesse var på høyring i 2025, og endringen vart vedteke i fylkestinget 11. desember 2025. 

Handlingsprogrammet skal rullerast årleg. Rulleringa av handlingsprogrammet 2026-2028 vart vedteken i fylkestinger 11. desember 2025.

Saksdokument og tilhøyrande vedlegg ligg tilgjengelege i møtekalenderen. 

Sjå sakspapir i den politiske møtekalenderen

Sak 77/2023 - vedtak av regionalplanen og høyringsuttalelsar
Sak 138/2025 - utviding og supplering av oversikta over kulturmiljø av regional interesse
Sak 139/2025 - rullering av handlingsprogram, regionalplan for kulturmiljø