Målet er bygde- og næringsutvikling kring villreinfjella med søkelyset på levande og attraktive bygder og grender. Bygde- og næringsutvikling er eit av satsingsområda i Heiplanen og støtteordninga er forankra i handlingsprogrammet (PDF, 2 MB) 2020-2023.
Føremål
- Legge til rette for aktivitetar og opplevingar som formidlar natur- og kulturarv knytt til villreinfjellet og som spelar på lag med særpreget til bygdene og grendene. Det er ein føresetnad at tiltaka ikkje er i konflikt med leveområda til villreinen.
- Aktivitetane og opplevingane skal styrke bygdene og grendene som stader å bu, leve, arbeide og besøke
Kven kan søke
Kommunane som er med i Heiplanen må vera søkar. Det kan vera andre aktørar enn kommunane som gjennomfører prosjektet/tiltaket. Sidan Heiplanen vart vedtatt før kommunereforma, kan Sandnes kommune søka om økonomisk støtte i tidlegare Forsand kommune. Det same gjeld Ullensvang kommune som kan søka om økonomisk støtte til å utvikle bygdene og grendene i tidlegare Odda kommune.
Kva kan det søkjast om
De kan søke om økonomisk støtte til å gjennomføra fysiske tiltak som er i samsvar med føremåla. De kan søke om økonomisk støtte til å planlegge tilrettelegging av aktivitetar og opplevingar. Det kan løyvast inntil 50 prosent av godkjend budsjett. Maks støtte er 250 000 kroner.
Søknad
De skriv søknaden i søkarportalen www.regionalforvaltning.no under støtteordninga Levande og attraktive bygder og grender kring villreinfjellet.
Søknadsfrist 15. januar 2023
Hugs å skildre i søknaden korleis prosjektet/tiltaket oppfyller kriteria sett i retningslinene (PDF, 208 kB).
Om de treng hjelp til å bruka søkarportalen kan de kontakte:
Heidi Skifjell, Rogaland fylkeskommune, mobil 97 50 29 74
Om de treng hjelp til å utforme søknad kan de kontakte:
Lene Hennum, Vestfold og Telemark fylkeskommune, tlf 91 85 30 99
Katrine Skajaa Gunnarsli, Agder fylkeskommune, tlf 90 63 26 57
Sissel Bakke, Rogaland fylkeskommune, tlf 46 41 54 13
Snorre Waage, Vestland fylkeskommune, tlf 95 97 6 861