Tre nye år som miljøfyrtårn

Rogaland fylkeskommune er resertifisert som miljøfyrtårn. – Ei stadfesting av fylkeskommunen sitt målretta arbeid med berekraft.

Dame ved siden av sertifikat. Foto.  - Klikk for stort bildeElizabeth Austdal Paulen, klimakoordinator i Rogaland fylkeskommune, er fornøgd med resertifiseringa.

I 2019 fekk fylkeshuset berekraftstempelet miljøfyrtårn for første gong. Etter tre år som miljøfyrtårn, må verksemder gjennom ei resertifisering for å sikre at bedrifta framleis bidreg til ein positiv miljøeffekt. 

– Me er veldig glade for å ha blitt resertifisert. Det stadfestar at fylkeskommunen jobbar målretta med tiltak som reduserer miljøbelastninga og bidreg til eit betre arbeidsmiljø, seier Elizabeth Austdal Paulen, klimakoordinator i Rogaland fylkeskommune.

Krav til sertifiseringa

Miljøfyrtårn er eit sertifikat for verksemder som vil dokumentere miljøinnsatsen sin og vise samfunnsansvar. For å bli miljøfyrtårn, må ein oppfylle krav innan arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, gjenbruk, naturmangfald og arealbruk. Blant anna skal bedrifta ha god oversikt over eigne miljøpåverknader, og tiltak for å forbetre desse. Årleg kartlegging av arbeidsmiljø og retningslinjer for å fremje likestilling, mangfald og inkludering er òg krav til sertifiseringa. 

– Me jobbar kontinuerleg med å finne gode løysingar som sikrar ei meir berekraftig drift. Det var derfor ekstra gledeleg at sertifisøren påpeika at fylkeskommunen har jobba godt med miljøleiing, og at me har god dokumentasjon på at kriteria er oppfylte, seier Paulen.

Status på miljøarbeidet skal dokumenterast i ein årleg rapport. Les fylkeskommunen si innrapportering for 2022. 

Miljøforbetrande tiltak

Fleire miljøforbetrande tiltak er setje i verk dei siste åra. I fylkeskommunens strategi for anskaffingar har samfunnsansvar vorte eitt av tre hovedsatsningsområder, og ein eigen rådgivar arbeider med å systematisera samfunnsansvar i anskaffingar.

I ny rammeavtale for drift og vedlikehald av uteområda ved fylkeshuset og fleirtalet av dei vidaregåande skolane, er det lagt inn auka fokus på klima og miljø. Elektrifisert utstyr, vassdamp for fjerning av ugras og bruk av nullutsleppskøyretøy skal prioriterast. I tillegg sikrar nye kantinekriterium gode rutinar for innkjøp og redusert matsvinn.

I tillegg til administrasjonen, blei òg Strand vgs. og St. Olav vgs. resertifisert våren 2023. Totalt er det nå 14 skolar i fylket som er miljøfyrtårn.