QWave AS, Årdal Aqua AS, Sauda Energi, Rental Technology Services AS og GOE-Productions AS får til saman 22,8 millionar kroner frå Ulla-Førrefondet.
– Det er gledeleg å innvilga støtte til ulike, men veldig gode prosjekt. Det dei har felles er at dei kvar for seg svarar framifrå på fondets formål, nemleg å bidra til grøn omstilling, verdiskaping og auka kompetanse i Rogaland, seier styreleiar i Ulla-Førrefondet, Jonas Andersen Sayed.
Ulla-Førrefondets styre: Kjetil Harestad (Sunnhordland Kraftlag), Leif Harald Jensen (Lyse), Jonas Andersen Sayed (styreleiar, Rogaland fylkeskommune, KrF), Asle Rafdal (Rogaland fylkeskommune, Ap) og Anne Marie Lund (Rogaland fylkeskommune, H)
Thor Erik Waage, Rogaland fylkeskommune
Opphavleg fekk Universitetet i Stavanger (UiS) 10 millionar kroner til oppstartsfinansiering for profesjonsstudium i psykologi frå Ulla-Førrefondet. Desse midlane vert no fordelt på tre andre prosjekt.
Styreleiar Jonas Andersen Sayed (KrF) viser til at tilskuddet på 10 millioner kroner til profesjonsstudiet i psykologi ved Universitetet i Stavanger blei tildelt på vilkår av at Stortinget sette av penger til studieplassene i neste års statsbudsjett.
Styret i Ulla Førrefondet har difor vedteke å støtta tre prosjektsøknader som ikke nådde opp i den opprinnelige tildelingen.
– Me deler skuffelsen over at regjeringspartiene og SV unnlot å prioritere oppstart av profesjonsstudium i psykologi ved UiS. Samtidig gir dette oss mulighet til å støtte tre spennende prosjekter som ikke nådde opp sist. Alle tre prosjekter svarer godt på fondets formål og er gode bidrag til den grønne omstillingen av næringslivet i Rogaland, seier Andersen Sayed.
27 søknadar på 144 millionar
Totalt kom det inn 27 søknadar til Ulla-Førrefondets utlysing i år. Fondet skal gje økonomisk støtte til prosjekt som omfattar grøn omstilling av næringsliv og utvikling av høgare utdanning i Rogaland.
Total søknadssum var på i overkant av 144 millionar kroner, og det er gjennomgåande høg kvalitet på søknadane.
Tematisk sett fell eit fleirtal av prosjekta innanfor grøn industri og fornybar energi, men det er og fleire innslag frå universitets- og høgskulesektoren. Det er god geografisk spreiing blant søkjarane.
Desse får støtte
Følgjande fem prosjekt får innvilga støtte frå Ulla Førrefondet i 2024:
Rental Technology & Services AS (RTS)
Prosjektet «Goby Wave Charger» fra Rental Technology & Services AS (RTS) får innvilga 5 757 500 kroner til å vidareutvikla ein bølgjeladar.
Goby-konseptet består av to lekamar som beveger seg forskjellig i forhold til kvarandre. Denne forskjellen i rørslemønster gjer det mogleg å drive ein turbin som lagar elektrisitet, og som gjer straum til utstyret som er montert på bøya. Den flytande bøya vil framover utviklast til å kunne lade for eksempel undervassbatteripakkar, gje straum til miljøovervakingsutstyr, lyttekablar og kunne kommunisere med desse.
GOE-Production AS
GOE-Production AS får innvilga 8,06 millionar kroner til prosjektet «Scale-up NorFill».
GOE-Production utviklar eit norskprodusert biologisk granulat til kunstgrasbanar, som eit alternativ til gummigranulat.
Dette prosjektet tar sikte på å skalera opp dagens pilot-produksjon til å bli eit kommersielt berekraftig produksjonsanlegg, som samtidig tek i vare produktkvalitet og karbonnøytralitet.
QWave AS
«Pilot test av akustisk sjokkbølge teknologi for å måle horisontale spenninger i toppbergarten i et CO2 lager» fra QWave AS bevilges 2 998 867 kroner.
Årdal Aqua AS
«Mulighetsstudie for vertikalt landbruk – forprosjekt og industriell forskning» fra Årdal Aqua AS bevilges 3 millioner kroner.
Sauda Energi AS
«Sauda Energisymbiose» fra Sauda Energi AS bevilges 3 millioner kroner.
Styret i Ulla-Førrefondet
Ulla-Førrefondets styre består av representantar frå fondets tre eigarar, Lyse, Sunnhordland Kraftlag (SKL) og Rogaland fylkeskommune.