Nytt EU-nettverk: Skal styrke norske energi- og havnæringar

Nettverket blei nyleg lansert og skal styras frå Rogaland. 

Clean Flow-nettverket ble lansert i Brussel. Helene Tråsavik (foran t.v.) er Rogaland fylkeskommunes representant i nettverket.

Rogaland fylkeskommune har som rolle å mobilisere næringsliv, akademia og offentleg sektor for å nytte moglegheitene i EU.

– I EU-nettverket CleanFlow Energy er utlysingane knytte til energi, klima og mobilitet i Horisont Europa i fokus. Det er Europas forskings- og innovasjonsprogram, fortel Helene Tråsavik i Rogaland fylkeskommune og held fram:

– Med Rogaland som energifylke, og dei sterke klyngene og aktørane vi har innan energi og maritim sektor, vil ei spissa mobilisering innan nettopp dette temaet tillate eit meir målretta og strategisk samarbeid på eit felt vi har gode føresetnader for å lukkast med.

Dette nettverket en en av to EU nettverk som fylkeskommunen er med i. Vi er også med i EU-nettverket Eurekka, som er tematisk rettet mot klimatilpasning TILPASS

Vestlandet i front 

CleanFlow Energy-nettverket skal mobilisere fleire norske aktørar til Horisont Europa, særleg i utlysingar med vekt på klima, energi og mobilitet.

– Dette initiativet er avgjerande for å byggje samarbeid på tvers av sektorar som kan akselerere overgangen til eit lågutsleppssamfunn, seier Kyrre Ås, prosjektleiar ved Universitetet i Stavanger.

Prosjektet blir leia av Rogaland fylkeskommune og Vestland fylkeskommune, med Universitetet i Stavanger i spissen.

Det skal koordinerast frå Stavanger. Med i nettverket er mellom anna Maritime CleanTech, Norwegian Offshore Wind, Energy Transition Norway, GCE Ocean Technology, NORCE, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen. Prosjektet er òg støtta av Forskingsrådet og Innovasjon Noreg.

Nasjonalt mandat

Sjølv om nettverket har røter på Vestlandet, har CleanFlow Energy-nettverket eit nasjonalt mandat.

Lanseringa skjedde på Norway House i Brussel,  under første dag av EU Sustainable Energy Week som går av stabelen 10.-12. juni, der også Rogaland fylkeskommune er representert. 

Det synleggjer korleis norsk forskings- og industriell kompetanse er aktive drivarar i det grøne skiftet i Europa.

Gjennom internasjonalt nettverksarbeid er målet å auke Noregs fotavtrykk i Horisont Europa-prosjekt fram mot 2027.

– Gjennom slike samarbeid byggjer me bruer. Norske industri- og forskingspartnarar deltek aktivt i EU-samarbeid for å få til innovasjon og grøn omstilling. Dette nye nettverket forsterkar denne innsatsen på tvers av grensene, seier Håvard Tvedte, direktør for marknadsutvikling i Maritime CleanTech.

Neste offisielle arrangement blir i starten av september, under den nasjonale Maritim Uke i Haugesund – ein viktig arena for industri og forsking.