Inviterer internasjonale investorar 

Næringssjef Mette Fossan og fylkesordfører Marianne Chesak - Klikk for stort bildeNæringssjef Mette Fossan og fylkesordfører Marianne ChesakInvest in Rogaland er ei ny satsing i Rogaland fylkeskommune som skal tiltrekke internasjonale investorar og nye næringsaktørar til fylket.

Med mål om grøn omstilling, nye næringar og fleire arbeidsplassar til regionen, skal Invest in Rogaland sikre etableringar og investeringar i fylket. Internasjonale og nasjonale investorar og næringsaktørar er målgruppa når dei mange moglegheitene som Rogaland kan tilby skal marknadsførast og bli formidla gjennom ulike nettverk og saman med samarbeidspartnarar.

Attraktiv teknologi og kompetanse

– Rogaland har verdsleiande teknologi og kompetanse som er attraktivt for andre næringar i det grøne skiftet. Vi er òg eksportretta og har eit næringsliv som trivst i internasjonal konkurranse. Målet med Invest in Rogaland er å bidra til å få nye verksemdar til å etablere seg i Rogaland. Dette arbeidet skal komme alle kommunane i Rogaland til gode, seier fylkesordførar Marianne Chesak.

Søker prosjektleiar

Rogaland fylkeskommune har overteke ansvaret for prosjektet som blei etablert av Greater Stavanger i 2017, den gong med namnet Invest in the Greater Stavanger Region. Fylkesutvalet vedtok oppstarten og organiseringa av Invest in Rogaland i februar. No skal fylkeskommunen tilsette prosjektleiar for Invest in Rogaland. Søknadsfristen er 19. april.

Mange samarbeidspartnarar

Invest in Rogaland skal blant anna promotere kva areal som er ledige og aktuelle for næringsetablering i regionen. Satsinga vil ha eit tett samarbeid med Innovasjon Norge, Invest in Norway, New Kaupang og dei andre fylka som har tilsvarande satsing. Invest in Norway tilbyr informasjon, vurderer moglegheiter, koplar relevante nettverk og fasilitetar investeringsprosessar for utanlandske investorar og bedrifter.

– Skal vi lykkast med ei omstilling til det grøne skiftet må vi òg vere konkurransedyktige i kampen om internasjonal kapital og tiltrekke oss investeringar og kompetanse utanfrå. Satsninga på Invest in Rogaland er difor viktig for å sikre måla våre om å vere ein konkurransedyktig region og den grøne omstillinga av næringslivet, seier fylkesordføraren.

Til toppen