Fond lyser ut 35 millionar

Blåsjø i Suldal - Klikk for stort bildeBlåsjø i Suldal Jarle Lunde Ulla-Førrefondet lyser ut 35 millionar kroner i 2022. Midla skal i all hovudsak bli brukt til å fremje omfattande, langsiktige prosjekt for grøn omstilling og høgare utdanning.

Ulla-Førrefondet sitt styre, som består av fondet sine tre eigarar Rogaland fylkeskommune, Lyse Kraft og Sunnhordaland Kraftlag, har vedteke at fondet skal lyse ut 35 millionar kroner i 2022. Søknadsfristen er 1. september.

Ulla-Førrefondet skal vere ein offensiv reiskap i arbeidet med grøn omstilling og etablering av høgare utdanning i Rogaland, med vekt på utdanning, forsking, teknologiløysingar og andre samfunnsnyttige tiltak i tråd med dette.

51 søknadar i 2021

I fondet si første ordinære utlysing i 2021 fekk fondet 51 søknadar, der seks fekk tilsegn for prosjekta sine.

– Erfaring frå førre utlysing i 2021, viser eit stort omstillingsbehov for næringslivet i   Rogaland. Pågangen frå søkarar, viser òg at det er stor vilje til omstilling blant næringslivsaktørane i regionen vår. Dette understrekar at det er viktig med ny utlysing for 2022, seier styreleiar i Ulla-Førrefondet, Torkel Myklebust.

Minimum to millionar

Det er mulig å søke om minimum to millionar kroner til prosjekt. Søkar må skildre korleis prosjektet svarer til fondet sitt formål. Det blir stilt normalt krav om 50 prosent eigenfinansiering av prosjektet. Søkar kan få støtte til prosjektkostnadar, lønn og utstyr. Støtte til ordinær drift av organisasjonar, føretak eller bedrift, eller til å oppfylle krav frå myndigheiter er ikkje mogleg.

Støtteordninga er tilgjengeleg for private og offentlege verksemder, samanslutningar av private og offentlege verksemder, nettverk, klynger, som svarer til fondet sitt formål. Styret kan tildele prosjekt etter eige forslag. Styret vil prioritere prosjekt som ikkje kvalifiserer til andre tilskotsordningar/verkemiddel.

Informasjon om Ulla-Førrefondet

Ulla-Førrefondets styre, fra venstre: Elin Schanche, Asle Rafdal, Torkel Myklebust (styreleder), Ove Jølbo og Kjetil Harestad.