Auka støtte til næringsutvikling

John-Erik Rørheim, næringssjef i Klepp kommune - Klikk for stort bildeJohn-Erik Rørheim, næringssjef i Klepp kommune Klepp kommune

Med éin million kroner i auka budsjettramme for regionalt næringsfond i Rogaland får både Klepp kommune, Vindafjord kommune og Regionråd Dalane 250 000 kroner i støtte.

Den opphavlege budsjettramma til regionalt næringsfond for 2022 var 3,6 millionar kroner. Regional-, kultur- og næringsutvalet vedtok 8. september å auke denne med ein million kroner, noko som gjer at tre nye søknader blir innvilga med 250 000 kroner til kvar. Den auka økonomiske ramma blir teke frå regionalt næringsfond.

Havvind, reiseliv og teknologi

Vindafjord kommune vil utvikle Dommersnes industriområde, og gjennom eit forprosjekt skal dei sjå på moglege produksjonsløysingar som kan brukast som prospekt for aktuelle aktørar til industriområdet. Dommersnes er eit større industriområde i Vikebygd i Vindafjord kommune og er i dag ein produksjonslokalitet for havvindmøller.

Regionråd Dalane får støtte til gjennomføring av år to i prosjektet «Magma UNESCO 2030», eit reiselivsprosjekt i Dalaneregionen og Flekkefjord kommune.

Klepp kommune samarbeider med kommunane Time og Hå om å mobilisere næringslivet på Jæren til å danne ein node av katapultsenteret «Manufacturing Technology Norwegian Catapult Centre» på Raufoss.

Jærsk mobilisering

– Katapult-systemet er ein nasjonalt anerkjent ordning sog kal bidra til auka verdiskaping, omstilling og berekraft i norsk industriproduksjon, fortel Klepp kommune sin næringssjef John-Erik Rørheim og fortset:

– Jæren har mange industrielle aktørar og teknologiselskap som historisk har utvikla seg frå smie-, metall- og produksjon av landbruksreiskapar. Ein del av desse lever godt som leverandørar til oljeindustrien. Behovet for grøn omstilling og digitalisering aukar og selskapa ser at kompetansen dei har opparbeidd seg i marknadene dei leverer til i dag, kan brukast innan andre område som landbruk, industri, energi, smarte samfunn eller helse, seier Rørheim.

Kan bli spydspiss

Norsk katapult er ei ordning med nasjonale senter som tilbyr fasilitetar, utstyr, kompetanse og nettverk. Katapultsenter gjer det enklare for innovative bedrifter å utvikle prototypar, teste, stimulere og visualisere, slik at idear blir utvikla raskare, betre og med mindre risiko. Katapult-senter får offentleg støtte for å hjelpe små og mellomstore bedrifter over heile landet. Siva (selskapet for industrivekst) har lyst ut pengar til etablering av noder til dei fem nasjonale katapultsentruma i Noreg (Norsk katapult). Klepp, Time og Hå sender ein felles søknad for å etablere ein slik node på Jæren, med hovudmål om å samle oppstarts- og vekstselskap innan robotikk.

– Ein katapult på Jæren vil vere spydspissen i ei satsning på å tydeleggjere og løfte fram eit område vi allereie er gode på i regionen, men kor potensialet med omstilling er langt større enn kva regionen nyttiggjer seg av i dag. Klarer vi å dra dette i land, vil støtta frå næringsfondet i så måte ha vore avgjerande, seier Klepp sin næringssjef som er veldig nøgd med tildelinga.