Styret i Ulla Førre-fondet. Kjetil Harestad (Sunnhordland Kraftlag), Asle Rafdal (Rogaland fylkeskommune, Ap), Anne Marie Lund (Rogaland fylkeskommune, H) og Leif Harald Jensen (Lyse).
Nora Marie Mjølhus
Ulla-Førrefondet skal gje økonomisk støtte til prosjekt innan grøn omstilling av næringslivet og utvikling av høgare utdanning i Rogaland.
Det kom inn totalt 32 søknadar i år, med ein total søknadssum på 180 millionar.
Disse får støtte fra Ulla Førre-fondet i år
- Fagne AS
- GreenCap Solutions AS
- Stamas Solutions AS
- Universitetet i Stavanger
Desse får til saman 26 millionar kroner frå Ulla-Førrefondet.
– Me er glade for å kunne innvilga støtte til fire solide prosjekt. De vil alle være regionsbyggande for fylket vårt, i tillegg til å ha stor betydning for grøn omstilling og utvikling av høgare utdanning i Rogaland, seier Anne Marie Lund, styremedlem i Ulla-Førrefondet, og legg til:
– Det er jamt over høg kvalitet på søknadane, og ei god geografisk spreiing blant søkjarane.
Følgjande prosjekt fekk innvilga støtte under fondets styremøte 26. november:
Fagne AS
Prosjektet «Styringssystem for Fleksible Lokale Energi Samfunn» frå Fagne AS får innvilga 4 millionar kroner til å utvikla eit styringssystem som mogleggjer fleksible, lokale energisamfunn i næringsparkar og hamneområde, slik som Husøy i Karmøy kommune. Formålet med prosjektet er å redusera klimagassutslepp, auke energitrygginga og effektivisera utnytting av eksisterande straumnett, utan behov for kostbar nettutbygging.
GreenCap Solutions AS
Prosjektet «Karbonfangst for lavutslippssamfunnet - Mobil enhet for demo» frå GreenCap Solutions AS får innvilga 4 millionar kroner til å utvikla ein skalerbar eining for fangst av CO2 frå lågkonsentrasjonskjelder, med fleksibilitet til å brukast både som forbehandling (oppstraums) og som siste reinsetrinn (nedstraums) i ulike industrielle og veksthusbaserte verdikjeder.
Stamas Solutions AS
Prosjektet «Etablering av Additive Center of Excellence (ACE)» frå Stamas Solutions AS får innvilga 8 millionar kroner. Senteret, eit regionalt kompetanse- og innovasjonssenter for additiv tilverking (AM/3D-printing) skal styrkje industriell infrastruktur og kompetanse ved å kople næringsliv, akademia og skular saman.
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Stavanger (UiS) får innvilga 10 millionar kroner til oppstartsfinansiering for profesjonsstudium i psykologi, på vilkår av at Stortinget sette av pengar til studieplassane i neste års statsbudsjett.
Takksame søkjarar
Rektor Klaus Mohn ved UiS er særs glad og takksam for støtta frå Ulla-Førrefondet.
– Ungt utanforskap og aukande psykiske helseproblem i befolkninga er eit stort samfunnsproblem. Særleg blant unge er den psykiske uhelsa urovekkande. Vårt studium vil møte desse utfordringane og no set vi i gang til hausten, seier Mohn.
Også Pål Svanes i Stamas Solution AS er glad for støtta.
– Me er veldig glade for støtta frå Ulla Førre-fondet. Prosjektet vil gi eit viktig løft for additiv produksjon i regionen, og gjere oss betre rusta til å ta overgangen og møte dei industrielle behova i åra som kjem. Dette er ikkje berre eit prosjekt for Stamas, men for heile industrien i Rogaland, kor me byggjer kompetanse og kapasitet som kan komme mange til gode, seier Pål Svanes, CEO i Stamas Solutions AS.
Avgjerande støtte
John Arild Arnø fra Fagne kallar støtta frå fondet avgjerande.
– Dette er ein liten del av eit stort og omfattande prosjekt. Støtten fra Ulla-Førrefondet gjer oss i stand til å legge grunnlaget for det vidare arbeidet med å utvikla smarte energisstyringssystem, noko som er naudsynt for å redusere klimagassutslepp på områder som Husøy. Støtta frå Ulla-Førrefondet er avgjerande for å samla fleire aktørar, som ikke ville vore i stand til å ta risikoen ved prosjektet åleine, seier John Arild Arnø frå prosjekteigar Fagne og Silje Sivertsen frå prosjektleiar Maritime CleanTech.
Også hjå GreenCap Solution var gleda over pengestøtta stor.
– Midlene frå Ulla-Førrefondet moglegjer ein demonstrasjonseining av vår karbonfangstteknologi til nye applikasjonar og samarbeidspartnarar i inn- og utland, seier Jarle Skjæveland, CSO i GreenCap Solutions AS.
Styret i Ulla-Førrefondet
Ulla-Førrefondets styre består av representantar frå fondets tre eigarar, Lyse, Sunnhordland Kraftlag (SKL) og Rogaland fylkeskommune. I fjor delte fondet ut nesten 23 millioner til fem prosjekt.