13,5 millionar til breibandsutbygging

Illustrasjonsbilde med en vei i Sokndal - Klikk for stort bilde

Ni prosjektområde, fordelt på åtte kommunar, får til saman 13,5 millionar kroner i bredbåndsstøtte i 2022.

Tilskotsordninga til breibandsutbygging skal bidra til utbygging av breiband i geografiske område der det ikkje er kommersielt grunnlag for investeringar. I Hurdalsplattformens kapittel «Kommunal- og distriktspolitikk: Tenester nært folk» er det eit mål at alle i Noreg skal ha tilbod om høghastigheitsnett innan 2025.

Søknadsfristen for å søke middel til breibandsutbygging for kommunar i Rogaland var 15. mai og det kom søknader frå åtte kommunar og 17 område.

Desse er tildelt breibandsstøtte i 2022

Bredbånd 2022
Kommune Prosjekt/område Tildeling
Hjelmeland Jøsenfjorden 1 244 369
Hjelmeland Ullestad, Riveland og Egland 2 560 000
Eigersund Eige 531 000
Stavanger Alveskjervegen (Ombo) 1 260 000
Gjesdal Eidland 1 315 000
Sokndal Åvendal, Vatland, Herveland, Bakka 1 150 000
Suldal Vintraleå, Tysseland 2 800 000
Stavnheim, Årsland, Husveg 2 925 000
Lund Steinberg, Rusdal 1 875 000
Totalt 15 660 369

Støtteordninga for breiband krev at utbyggingsprosjekta samla på fylkeskommunalt nivå skal ha ei lokal medfinansiering på minimum 30 prosent. Årets tildeling blei lagt fram som orienteringssak i Regional-, kultur- og næringsutvalet (RKNU) 8. september.

– Dette er ei flott og viktig sak mot målet om at heile Rogaland skal vere dekt med breiband i 2025, kommenterte Inghild Vanglo (Ap), leiar av RKNU.

Meir høghastigheits breiband

Formålet med ordninga er å auke dekninga av høghastigheits breiband (i ordninga definert som breiband med minimum 30 Mbit/s) for husstandar og private og offentlege verksemder i Noreg. Hovudkriteriet for måloppnåinga er talet på husstandar og verksemder som får tilbod om høghastigheits breiband som følge av ordninga.

– Det er kjekt å sjå at store investeringar i enkelte kommunar har svart seg, og at kommunar som Sauda og Hjelmeland no begynner å bli ferdigbygd. Det betyr at vi i neste tildeling kan gå tyngre inn i andre kommunar som har utfordringar med låg dekningsgrad, seier Mette Fossan, næringssjef i Rogaland fylkeskommune.

Tidlegare års tildelte støtte