Tilskotsordninga til breibandsutbygging skal bidra til utbygging av breiband i geografiske område der det ikkje er kommersielt grunnlag for investeringar. I Hurdalsplattformens kapittel «Kommunal- og distriktspolitikk: Tenester nært folk» er det eit mål at alle i Noreg skal ha tilbod om høghastigheitsnett innan 2025.
Søknadsfristen for å søke middel til breibandsutbygging for kommunar i Rogaland var 15. mai og det kom søknader frå åtte kommunar og 17 område.
Desse er tildelt breibandsstøtte i 2022
Støtteordninga for breiband krev at utbyggingsprosjekta samla på fylkeskommunalt nivå skal ha ei lokal medfinansiering på minimum 30 prosent. Årets tildeling blei lagt fram som orienteringssak i Regional-, kultur- og næringsutvalet (RKNU) 8. september.
– Dette er ei flott og viktig sak mot målet om at heile Rogaland skal vere dekt med breiband i 2025, kommenterte Inghild Vanglo (Ap), leiar av RKNU.
Meir høghastigheits breiband
Formålet med ordninga er å auke dekninga av høghastigheits breiband (i ordninga definert som breiband med minimum 30 Mbit/s) for husstandar og private og offentlege verksemder i Noreg. Hovudkriteriet for måloppnåinga er talet på husstandar og verksemder som får tilbod om høghastigheits breiband som følge av ordninga.
– Det er kjekt å sjå at store investeringar i enkelte kommunar har svart seg, og at kommunar som Sauda og Hjelmeland no begynner å bli ferdigbygd. Det betyr at vi i neste tildeling kan gå tyngre inn i andre kommunar som har utfordringar med låg dekningsgrad, seier Mette Fossan, næringssjef i Rogaland fylkeskommune.
Tidlegare års tildelte støtte