Tilskot til verneverdige bygg og anlegg 2021

Mørkedalshuset i Rekefjord, Sokndal kommune"Mørkedalshuset" i Rekefjord er ein av dei 48 søknadane som får totalt 1,3 millionar kroner i tilskot til verneverdige bygg og anlegg i 2021. 

Tilskotsordninga for verneverdige bygg er eit viktig bidrag for å oppnå det nye nasjonale målet om at eit mangfald av kulturminne, kulturmiljø og landskap skal tas vare på som grunnlag for kunnskap, opplevingar og bruk.

Det blir gjort mykje restaureringsarbeid i Rogaland, og tilskotsordninga er med på å bidra til at eigarar kan gjere gode val og bevare den regionale kulturarven. Det er forsøkt å fordela midlane jamt ut i staden for å gje ekstra mykje til einskilde. Med så mange søknader som det er i år, vert kontakten og dialogen med søkarane vel så viktig som det økonomiske bidraget. Det er prioritert å reisa på synfaring og møte dei aller fleste av søkarane. Støtte til restaurering gis i hovudsak til utvendige tiltak og derfor er ein i liten grad innandørs. Tilskotsordninga er med å gje forvaltninga eit overblikk over kva som rører hos dei mange eigarane av verneverdige bygg og anlegg i fylket.

Regional-, kultur og næringsutvalet vedtok 4. februar følgande fordeling for 2021.

Tilskudd verneverdige bygg 2021
Kommune:Søker:Bygningstype:Tilskudd 2021:
GjesdalGoran LjubojaBolighus 30 000
HaugesundStiftelsen HaugesjøenSjøhus20 000
HaugesundAnne LindBolighus20 000
HjelmelandAnn Karin StavBolighus 30 000
HjelmelandNils Viga HauskenFlerfunksjonshus20 000
KarmøyStiftelsen Vigsnes GrubeområdeGruveområde40 000
KarmøyStiftelsen Green EagleMølle20 000
KarmøyGeir MyreVåningshus30 000
Klepp Torger NærlandStolpebu10 000
KvitsøyJone Henrik KristensenBolighus10 000
LundMohamad ObeidBolighus30 000
LundKnut Torgeir HusebøBolighus20 000
RandabergKatharyne NewlandBolighus30 000
RandabergAudun Vik-MoDriftsbygning/naust20 000
SandnesMartin Christian LeaBolighus 30 000
Sandnes Christen MinosBolighus 30 000
Sandnes Kjell Jan SelvikBolighus 40 000
Sandnes Espen HamreLysthus30 000
Sandnes Morten Nyberg Sjøhus40 000
Sandnes Astrid LauvåsVasshjul10 000
SaudaSauda Klubb Forsamlingshus40 000
SokndalJohnny NesvågNaust40 000
SokndalJone Stene Bolighus 40 000
SokndalHans Jakob SvanesBolighus/Mørkedalshuset75 000
StavangerVerksgata 1 ASNæringsbygg30 000
StavangerOlav PiekkolaBolighus 40 000
StavangerPedersgata UtviklingHermetikkfabrikk30 000
StavangerButt Eiendom ASSjøhus30 000
StavangerKjersti Ruud Bolighus5 000
StavangerJone StaalesenBolig/butikk10 000
StavangerSameiet Grensegata 5Bolighus20 000
StrandJohan SkjeivikGårdshus10 000
SuldalOla Slettedal Uthus30 000
SuldalEnergihotellet Kraftverk40 000
Suldal Torfinn KlungtveitVåningshus40 000
Suldal Astrid van ZijpSjøhus/naust30000
Suldal Vegard AnkerstrandFjellgard 10 000
TimeArild DigernesBolighus 10 000
TimeOla Hauglandbolighus40 000
TimeFortidsminneforeningen JærenFjellgard 40 000
TimeSmieparken ASSmie og bolig20000
TimeSmieparken ASForretning og bolighus10 000
TysværIngunn JohannessenNæringsbygg/bolig30 000
TysværHenriette SchevikJakthytte20 000
TysværPer DjursvollVåningshus40 000
VindafjordHans Daniel NygaardUthus10 000
VindafjordPia FlæteHesthus30 000
VindafjordTrygve SandvikEldhus20 000
Totalt:1 300 000

 

Det kom inn 61 søknadar med ein samla søknadssum på 14 192 921 kroner. Dette er ei auke på 22 søknadar frå iEnergihotellet i Suldal, tegnet av Geir Grung som funksjonærhotell for kraftverket, har fått støtte til restaurere vinduer og dører i teak. fjor. Regional- kultur- og næringsutvalet vedtok også å omdisponere 200 000 frå eldre unytta tilskot til kulturminnetiltak for verneverdige bygg og anlegg i 2021, den totale tilskuddet er derfor på 1,3 million kroner.

Tilskotsordninga skal bidra til å dekke nokre av meirkostnadane knytt til dette. Ordninga har over tid gitt gode resultat og god nytte av midla som investerast. Erfaringane viser at det er eit stort behov for støtte i forhold til tilgjengelege midlar over tilskotsordninga og at tilskot bidreg til ein god dialog mellom kulturminneforvaltninga og eigarar.