Seksjon for bygnings- og fartøyvern ved Rogaland fylkeskommune hadde eiga stand på bygningsvernmessa
Rogaland fylkeskommune
På årets bygningsvernmesse i Stavanger blei det delt ut utviklingsstipend for tradisjonshandverkarar frå Rogaland fylkeskommune.
Stipendmottakarane er Jan Gunnar Helmikstøl og Espen Wathne Kolstø, som begge har markert seg innan stein- og stålhåndverk.
Utdelinga fann stad på Holmeegenes i Stavanger under messa arrangert av Museum Stavanger, Fortidsminneforeningen og Stavanger kommune.
Bygningsvernmessa samla huseigarar, handverkarar og fagfolk frå heile regionen, og fylkeskommunen deltok med informasjon om tilskotsordningar og rådgjeving for eigarar av gamle hus.
Stipendmottakarane og utvalsleiaren for kultur- og næringsutvalet i Rogaland fylkeskommune
Rogaland fylkeskommune
– Kunnskap om tradisjonshandverk er ikkje berre noko vi skal ta vare på – det er noko vi skal bruke og byggje vidare på. Dei som får stipend i år, viser at det er behov for fordjuping i eige fagfelt, og at læring ved kompetanseoverføring frå eldre tradisjonsberarar er viktig.
Det gir håp for framtida, både for kulturmiljøa våre og for rekrutteringa til handverksfaga, seier Unni Fuglestad, leiar av utval for kultur og næring i Rogaland fylkeskommune.
Utviklingsstipendet for tradisjonshandverkarar blei etablert i 2019, og blir delt ut årleg til utøvarar som ønskjer å vidareutvikle seg fagleg.
Målet er å styrkje rekrutteringa til tradisjonshandverk og sikre naudsynt kompetanse for framtidig bygningsvern.