Søk tilskot til kulturmiljøprosjekt

Har din bedrift, organisasjon eller kommune ein idé som kan utvikle og løfte kulturmiljøet i Rogaland? No har du sjansen til å få støtte til utvikling og verdiskaping. Søknadsfrist er 15. januar. 

Mann i båt. Foto - Klikk for stort bildeNytilsett båtbygger Walther Lindeskov Hansen på Engøyholmen kystkultursenter. Engøyholmen kystkultursenter

Det beste vernet for kulturminne er at dei er i bruk og kjende for publikum. Støtteordninga skal bidra til at kulturmiljø i Rogaland blir brukt og gjort kjend. Vi nytter kulturmiljø som eit samleomgrep for både fysiske kulturminne og anna kulturarv i regionen vår.   

Utvikling og nyskaping

Kommunar, frivillige organisasjonar, bedrifter og andre aktørar gjer ein stor innsats for å formidle vår felles kulturarv, og støtteordninga skal bidra til utvikling og nyskaping for desse aktørane. 

Dette er andre gong det blir lyst ut tilskot til utviklingsprosjekt på kulturmiljøfeltet, og i 2024 blei det delt ut til saman 1 million kroner til ulike prosjekt. 

Til dømes har Engøyholmen kystkultursenter fått støtte til å teste ein pilot for rådgiving og restaureringstenester for tradisjonsbåtar. Dette vil spre kunnskap om fartøyvernet, og bidra til at eldre trebåtar i Rogaland blir tatt vare på.  

Kva kan du søke støtte til?

Støtteordninga skal bidra til utviklings- og verdiskapingsprosjekt:

  • formidling og tilrettelegging av kulturmiljø og kulturarv, både fysisk og digitalt  
  • kurs og arrangement som bidrar til auka kunnskap og engasjement om kulturmiljø og kulturmiljøvern  
  • moglegheitsstudiar, forprosjekt, analysar, pilotprosjekt eller andre prosjekt for å vurdere nye måtar å skape verdiar med utgangspunkt i kulturmiljø  
  • kunnskapsinnhenting og andre prosjekt som skal utvide kunnskapsgrunnlaget om kulturmiljø i Rogaland   

Retningslinjer og søknadssskjema for utviklingsprosjekt på kulturmiljøfeltet

Kronprinsparet og ungdommar på ein båt. Foto - Klikk for stort bildeDeltakarane på verdiseglasen fekk besøk av kronprinsparet og ungdommane fekk fortelje om dei viktigaste sakane i vår tid. Halvard Bøe

I 2024 har støtte frå fylkeskommunen bidratt til gjennomføring av fleire spennende prosjekt. Blant anna skilting og digital formidling i Lund kommune og på Vibrandsøy i Haugesund, eller digital formidling av Stavanger domkirke i middelalderen. I sommer gjennomførte pilegrimssenteret på Avaldsnes ein verdiseilas for ungdom, i anlegning 1000-årsfeiringen for kristenretten på Moster, med støtte fra fylkeskommunen.  

- Me ønsker at kulturmiljø skal tas i bruk av heile Rogaland, og at det er et stort potensiale for meir bruk. Her bør fleire sjå på moglegheiten for å søke støtte til sine prosjekt, og me håpar på mange gode søknadar, seier Kristian Valen, rådgjevar i Rogaland fylkeskommune.

Totalt 1 million kroner vil bli delt ut i 2025.

Registrerte kulturminne og digital formidling

Sandnes kommune har registrert kulturminne rundt Lysefjorden og tilgjengeleggjort desse i kulturminneregisteret til Sandnes. Rundt Lysefjorden er det mange hellere, støler, fjellgardar og andre kulturminne, som no er meir tilgjengeleg for lokalbefolkning, turistar og andre som vil ha meir informasjon om desse. 

Klepp kommune har fått støtte til en interaktiv digital formidling av Helleberget. Her har det budd folk frå slutten av eldre steinalder. Test et digitalt besøk på Helleberget

To hundar og steinar ved Lysefjorden. Foto - Klikk for stort bildeRundt Lyseforden er mange kulturminne no meir tilgjengeleg. Sandnes kommune