Ny rådgivingsteneste for bygningsvern på Haugalandet

Eigarar av verneverdige bygningar i Ryfylke og Haugalandet har no fått tilbod om gratis rådgiving i samband med restaurering og vedlikehald av gamle bygningar. 

Rune Johnsen, bygningsvernrådgiver. Foto - Klikk for stort bildeRune Johnsen, bygningsvernrådgiver på Haugalandet Haugalandmuseet

Den nye tenesta er eit pilotprosjekt finansiert av Rogaland fylkeskommune, med ei stilling ved Haugalandmuseet og ei stilling ved Ryfylkemuseet. Arkitekt Simen Bie Malde ved Ryfylkemuseet vart i haust første rådgivar i pilotprosjektet. 

Rune Johnsen kom på plass ved Haugalandmuseet i januar, slik at huseigarar på Haugalandet og kan nytta tilbodet om råd og rettleiing. Johnsen har lang erfaring som tømrar innan restaureringsfaget, og har dei siste seks åra arbeidd med kulturminne og bygningsvern i Karmøy kommune. 

Skal sikre vår kulturarv

Bygningsvernrådgivar Simen Bie Malde. Foto - Klikk for stort bildeBygningsvernrådgivar Simen Bie Malde i Ryfylke Elisabeth Figenschou, Ryfylkemuseet

Etableringa av eit slikt lågterskeltilbod med bygningsvernrådgivarar er eit av tiltaka i den nye regionalplanen for kulturmiljø som vart vedteken av fylkestinget i juni. Det overordna målet med denne nye tenesta er å bidra til å sikre vår kulturarv.

Begge dei nye bygningsvernrådgivarane erfarer at fleire og fleire er opptatt av å gjenbruka og ta vare på dei bygningane som allereie er bygde. 
– Dei representerer ei viktig del av vår historie, og med denne rådgivartenesta er målet å bidra til at Haugalandets eldre bygningar ivaretakast og forvaltast slik at kommande generasjonar og kan få glede av dei. Kyndig rådgiving skal sørge for at vedlikehald og istandsetting gjerast i tråd med kvar enkelt bygning si stil og historie, seier Rune Johnsen.

Driftast av musea

Bilde fra eit kurs i vindusrestaurering. Foto - Klikk for stort bildeRune Johnsen har lang erfaring som kurshaldar i vindusrestaurering og andre kurs i bygningsvern.

Fylkeskommunen har sett av 1,5 millionar kroner til pilotprosjektet i 2023 og 2024. I 2025 skal tilbodet evaluerast, og målet er at rådgjevingstenesta blir utvida og eit fast tilbod frå 2026. Pilotprosjektet skal driftast av musea.

Rune Johnsen skal gi råd til huseigarar i kommunane Utsira, Bokn, Vindafjord, Tysvær, Haugesund og Karmøy. Eit tilbod som i hovudsak er retta mot restaurering og vedlikehald av bygningar, ikkje ombygging og utviding/tilbygg. Rådgivarane held og kurs for huseigarar og handverkarar.
– Som eigar av eit gamalt hus, er det viktig å ta seg tid til å bli kjend med bygningen, seier Rune Johnsen. Han anbefaler å ikkje ta forhasta val som går på bekostning av husets verneverdi, men vera bevisst på at originale detaljar og bygningens særpreg blir med vidare når ein skal setta i stand eit gamalt hus. 

Gode erfaringar fra andre fylke 

Kristian Valen. Foto - Klikk for stort bildeKristian Valen

– Både Agder, Vestland, Innlandet, Buskerud og Akershus fylke har bygningsvernrådgivarar, eller -senter i fylka sine. Dei har gjort mange gode erfaringar, og ein kan mellom anna sjå ein auke i samla mengd av tilskot til restaurering i dei fylka der dei har denne type rådgivingstenester. Målet er å sikre gode rådgivingstenester innan bygningsvern for eigarar i heile fylket på sikt, seier Kristian Valen, rådgivar i seksjon for kulturarv i Rogaland fylkeskommune.

 

Les meir om bygningsvernrådgiving i Ryfylke og Haugaland