Foreslår å frede Bedehuset Bethel

Bedehuset Bethel på Judaberg er eit kulturhistorisk og arkitektonisk viktig døme på norske bedehus frå 1800-talet. No er forslaget om freding av bedehuset ute på høyring. 
 

Bedehuset Bethel på Judaberg. Foto - Klikk for stort bildeBedehuset Bethel på Judaberg foreslås freda. Høyringsfristen er 30. april 2024. Tor Øyvind Skeiseid

Rogaland fylkeskommune har sendt forslaget om freding av bedehuset Bethel på Judaberg ut på høyring. Høyringsfristen er 30. april 2024. 

Formål med fredinga

Formålet med fredinga er å sikre og bevare bedehuset Bethel som eit kulturhistorisk og arkitektonisk viktig døme på bedehus som blei oppført i Noreg frå midten av 1800-talet. Dei fyrste bedehusa i Noreg blei bygde i 1840-åra i Ryfylke i Rogaland. 

Rådgiver i fylkeskommunen. Foto - Klikk for stort bildeØyvind Malmin, rådgjevar i Rogaland fylkeskommune

– Me foreslår å freda Bethel fordi me meiner at bygget har nasjonal interesse, seier Øyvind Malmin, rådgjevar i seksjon for kulturarv i Rogaland fylkeskommune. 

Bedehuset Bethel på Judaberg stod ferdig i 1878 og blei bygd på oppfordring frå Vestlandets store vekkingspredikant, presten Lars Oftedal frå Stavanger. 

Bethel er enno i bruk som bedehus og har frå oppføringa vore ein viktig samlingsplass for kristenfolket på Finnøy og i Ryfylke. Lekmannskristendomen, bedehusrørsla og vekkingstida har sett viktige avtrykk i den nasjonale historia og Bethel står som eit symbol på dette. 

Les meir om Bethel og kva fredinga omfattar