Kulturhistorisk landskap ved Kvilehaugen

Landskapet kring dagsturhyttene rommar mykje kulturhistorie og gjer kvar hytte, og turen dit særeigen. Dagsturhytta er ein møtestad der vi kan dele kunnskap med kvarandre.

Kart over kulturlandskapet rundt Kvilehaugen dagsturhytte. Illustrasjon - Klikk for stort bildeDagsturhytta og kulturminna er merka med nummer. Turstien er merka med stipla linje. Sti med hy grad av tilgjengelegheit er merka med samanhengande svart linje.

Kvilehaugen ligg i eit verdifullt kulturhistorisk landskap

På turen til dagsturhytta (3) ved Kvilehaugen, legg du fjorden og bygda bak deg. Her tek utmarka over. Kring dei historiske bygningane i strandstaden Jelsa finn ein grøderike marker, skog og hei. Gjennom fleire tusen år har dei som har budd her sett sitt preg på omgjevnadene og forma kulturlandskapet vi ser i dag. 

Stadnamna på Jelsa fortel at det var fleire gardar på Jelsa i jernalderen. Rundt gardane og bygda ligg gravminne (1) frå jernalder og bronsealder. Jelsa er òg kjent som kyrkjestad seint på 1200-talet. 

Kyrkjevegen om Kvilehidlaren

Frå Økstrafjorden gjekk kyrkjevegen om Kvilehidlaren (4). Der skifta ein til kyrkjeklede på veg til kyrkja, og til kvardagsklede på veg heim att. 

Kulturminne i utmarka er ofte beskjedne, men ressursane i utmarka frå jakt og stølsdrift til kol og jern, var heilt avgjerande for gardsdrifta. Likevel var det ikkje alt ein ville ha med seg heim frå skogen. Ved Ulvehola (2) kan du sjå teikn på at rovdyrplaga var stor i Ryfylke. Ulv vart fanga i slike groper.  

I utmarka budde også dei underjordiske. Ved Ulvsmug (5) skal tre huldrer ha teke ein mann inn i berget. Tør du å banke på? 

Jelsa er òg kjent som kyrkjestad allereie seint på 1200-talet. Frå Økstrafjorden gjekk kyrkjevegen om Kvilehidlaren. Der skifta ein til kyrkjeklede på veg til kyrkja, og til kvardagsklede på veg heim att. Kulturminne i utmarka er ofte beskjedne, men ressursane i utmarka var heilt avgjerande for gardsdrifta og samfunnsøkonomien. Likevel var det ikkje alt ein ville ha med seg heim frå skogen.

Ulvehola

Ved Ulvehola kan du sjå teikn på at rovdyrplaga var stor i Ryfylke. Ulv vart fanga i slike grope. I utmarka budde også dei underjordiske. Ved Ulvsmåg skal tre huldre ha teke ein mann inn i berget. Tør du å banke på?

Strandstaden Jelsa

Jelsa ligg sentralt i Ryfylkebassenget ved inngangen til Sandsfjorden og er ein av dei best bevarte strandstadane i Rogaland, med busetnad frå 1600-talet og fram til 1900. Bygningane ligg konsentrert i to område, Noresjøen i vest og Bjergsted i aust. Innafor område ligg også Jelsa kyrkjestad med mellomalderkyrkjegard og Jelsa kyrkje. Kyrkja vart bygd i 1647 og erstatta då ei mindre stavkyrkje som er nemnt i kjelder tilbake til 1200-talet.

Ryfylkemuseet sitt skulemuseum «Den Riibergske Stiftelse» held til i eit skulehus frå 1774, søraust i kulturmiljøet. Kulturmiljøet omfattar Noresjøen, Bjergsted og Jelsa kyrkjestad. Dampskipskaien på Bjergsted inngår i kulturmiljøet. Miljøet har høg kulturhistorisk verdi knytta til kystkultur, fiske og handel frå 1600-tallet. Kyrkjestaden Jelsa har høg historisk verdi og dagens kyrkje frå 1647 er ein av dei eldste og best bevarte trekyrkjene i Rogaland. Saman med mellomalderkyrkjegarden utgjer det eit kyrkjemiljø med stor tidsdjupne. 

Vil du vite meir?

Her kan du lese meir om kulturminna på Jelsa og andre stadar. I lokalhistoriewiki og på kulturminnesøk kan du også dele din kunnskap om kulturlandskapet.  

https://lokalhistoriewiki.no/ 

https://www.kulturminnesok.no/