Suldal kommune - Kvilehaugen Dagsturhytta på Kvilehaugen ligg på Jelsa i Suldal kommune med utsyn over strandstaden Jelsa og Ryfylkebassenget. Dagsturhytta Kvilehaugen i Suldal kommune Hytta ligg i nærleiken av Jelsa oppvekstsenter (skule og barnehage) som også er også utgangspunktet for turen. Hytta er universelt tilrettelagt, med eigen tilkomst for besøkjande på hjul. Om hytta Åpent: hele året Overnatting: nei Passer for: alle Turavstand: 500 meter hver vei Universell utformet adkomst: ja Toalett: ja Vedovn: inne i hytta, ta gjerne med egen ved Tilkomst og parkering Hovudparkeringa er ved Jelsa oppvekstsenter, Økstrafjordvegen 64. Parkeringa er skilta. Parkering reservert for besøkjande med barnevogn og rullestol: Køyr vidare frå skulen på Økstrafjordvegen mot Foreneset ca 700 meter, ta til vestre på første skogsbilveg. Etter ca 100 meter er det eit par parkeringsplassar tilrettelagt for rullestolbrukarar eller familiar med barnevogn. Herfrå er det snaue 100 meter på grusveg. Dei som kjem med hurtigbåt eller ferje til Jelsa: Gå ca 300 meter på Jelsavegen frå kaien, ta så til høgre inn på Økstrafjordvegen mot Foreneset. Oppvekstsenteret og starten på sti ligg på vestre hand etter ca 700 meter. Turbeskriving til hytta Følg skogsveg frå parkeringsplassen ved skulen. Stien går i lett terreng langs skogen, og turen tar ca 10 minutt. Lengde på turen er om lag 500 meter. For folk på hjul, i vogn eller rullestol, snaue 100 meter på grusveg. Avstand 500 meter frå parkeringsplass ved skulen 100 meter frå reservert parkering for besøkjande med rullestol og barnevogn Kart Kontaktperson i Suldal kommune Aud Marit Hauge, aud.marit.hauge@suldal.kommune.no Publisert 05.12.2022 15.08