Biblioteka viser veg i den digitale infojungelen

Bibliotektilsette i Rogaland og resten av landet kursar seg for å styrke beredskapen mot desinformasjon.

To damer som jobber på biblioteket i Sandnes - Klikk for stort bildeBibliotekarane Silje Ada Helgevold og Marie Håland ved Sandnes bibliotek.

Spreiing av desinformasjon kan svekkje den offentlege samtalen og undergrave tilliten i det norske samfunnet. Det har vore bakgrunnen for at regjeringa i sommar la fram den første strategien for å styrke motstandskrafta mot desinformasjon. 

Portrett, Britt Ellingsdalen - Klikk for stort bildeFylkesbiblioteksjef Britt Ellingsdalen

- I denne strategien står det blant anna at biblioteka er ein viktig arena for å auke den kritiske medieforståinga i befolkninga. Denne kunnskapen har vore mindre utbreidd dei siste åra, og fleire bibliotekarar opplevar at færre kjem til biblioteket med spørsmål og problemstillingar rundt faktasjekk og kjeldekritikk, seier fylkesbiblioteksjef Britt Ellingsdalen.
I Rogaland har difor fleire bibliotek gjort kursa obligatoriske, slik at dei tilsette kan vere til best mogleg hjelp både for publikum, men også kvarandre. 

Kursidé frå Sandnes 

Nå er derimot håpet at alle skal ha biblioteket som ein naturleg stad å kome til viss ein er usikker på kva slags fakta som er ekte og falske, korleis ein kan bli meir kritisk, og korleis ein kan kjenne igjen KI-generert informasjon. 
Med støtte frå Nasjonalbiblioteket har Tenk, ein del av Faktisk.no, saman med seks fylkesbibliotek og Sandnes bibliotek, utvikla eit kurs som skal få bibliotektilsette til å bli meir oppdaterte på nettopp slik kunnskap. Ideen til eit slikt kompetanseløft og kurs kom frå biblioteksjefen i Sandnes, Trude Svanes, etter et seminar for to år sidan.

Biblioteksjef Trude Svanes - Klikk for stort bildeTrude Svanes, biblioteksjef ved Sandnes bibliotek

- Tilsette får både oppdatert kunnskapen sin om digital kjeldekritikk og ei bevisstgjering av det dei allereie kunne frå før. Begge delar vil kunne gje større tryggheit i møte med publikum, seier Trude Svanes.

Vil ha halvparten på kurs

Mange tilsette er allereie i gong med å ta kurset, og fleire har fullført det. Fylkesbibliotekssjefen har eit mål om at over halvparten av alle tilsette på både folkebibliotek og biblioteka i vidaregåande skole skal ta kurset.  
- Det er viktig med ny og oppdatert kunnskap innan kjeldekritikk og kjeldebevisstheit. Dagens informasjonslandskap utviklar seg raskt, og då held det ikkje nødvendigvis med det ein lærte for sjølv berre nokre år tilbake, seier Marie Håland ved Sandnes bibliotek og prosjektmedabeidar i fylkesbiblioteket.

Obligatorisk slik alle kan få hjelp

Biblioteka i Rogaland har alle vist interesse for kurset, og fleire har vore med på både digitale og fysiske workshops for å diskutere innhaldet og problemstillingar. 
Hos initiativtakar Trude Svanes på Sandnes bibliotek er kurset obligatorisk for alle dei som er tilsett i ei stilling på 80 prosent eller meir. 
- Kurset er gjort obligatorisk for å sikre at publikum skal få hjelp uansett kven som er på jobb når dei kjem innom, og for at dei tilsette skal kunne hjelpe og inspirere kvarandre. Det har ikkje vore anna enn positive reaksjonar på det, seier Trude Svanes.