NAV direktør Merethe Prytz Haftorsen og konstituert fylkesdirektør Håkon Schwalb signerer ny partnerskapsavtale mellom NAV Rogaland og fylkeskommunen.Sidan 2006 har Rogaland valt å bruke partnarskapsmodellen for å nå måla i den regionale og nasjonale folkehelsepolitikken om å fremje god helse og jamne ut sosiale helseforskjellar.
– Saman har vi eit felles ansvar for å sikre at det blir sett i verk tiltak og samordne verksemda vår i folkehelsearbeidet på ein forsvarleg måte, seier Merethe Prytz Haftorsen direktør i NAV Rogaland.
– Det er gledeleg at NAV Rogaland no er ein del av partnarskapsarbeidet. Dei er ein viktig regional aktør som vil kunne bidra med kunnskaps- og erfaringsutveksling i partnarskapen. NAV har viktig statistikk om arbeidsmarknaden og utviklinga på ulike helserelaterte ytingar, seier Håkon Schwalb konstituert fylkesdirektør.
Gjennom samarbeidet skal ein får meir kunnskap og erfaringar knytte til bruk av arbeidsmarknadstiltak og verkemiddel for eit inkluderande arbeidsliv. Det blir lagt til rette for blant anna rettleiing, erfaringsdeling, samlingar og nyheitsbrev i partnarskap for folkehelse.
Les meir om folkehelsearbeidet i Rogaland og partnarskap for folkehelse.