Visjon, mål og verdiar

Rogaland fylkeskommune bidreg i utviklinga av eit attraktivt fylke som er godt å leve, arbeide og bu i for alle.

Vi leverer mange og gode tenester innan opplæring, tannhelse, samferdsel, kultur, planlegging og næringsutvikling, kvar dag heile året. Det handlar om å utvikle samfunnet vi lever i, for å ta vare på fortida, notida og framtida.

Ung gutt smiler og tekst med visjonen Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland. Foto - Klikk for stort bilde

Visjonen vår

  • Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland

Saman

Saman rommar fellesskapet, både små og store, som er avgjerande for at vi skal få til den ønska samfunnsutviklinga.

Grønt

Grønt viser til eit levande fylke med natur, friluftsliv, og jordbruk og peikar på den grøne omstillinga vi skal gjennom.

Attraktivt

Vi ønskjer å vere eit attraktivt fylke for alle i Rogaland. Det skal vere godt å bu, leve, vitje og drive næring i heile fylket. Tilgang til naturen, utdanning, arbeid, infrastruktur og kultur- og fritidstilbod er viktige faktorar for å skape gode, levande og attraktive regionar.

Måla våre

Utviklingsplan for Rogaland er fylkeskommunens øvste styringsdokument for perioden 2025-2028. Den gir strategisk retning til samfunnsutviklinga i fylket, bidreg til å samordna innsats og bruk av verkemiddel i felles retning, og mobiliserer regionale aktørar rundt felles mål.  

Planen har fire langsiktige mål: 

  1. Attraktive lokalsamfunn, tettstader og byer
  2. Konkurransedyktig region
  3. Helsefremjande og inkluderande samfunn
  4. Klimaomstilling og livskraftig naturmiljø

Alle desse måla har tre innsatsområde som står i fokus i perioden 2025-2028. 

Les meir i Utviklingsplan for Rogaland

Verdiane våre

Verdiane våre er grunnmuren i arbeidet med å utvikle fylket til det beste for innbyggarane, og dei skal vere synlege i arbeidet vårt.

  • Vi er opne
  • Vi er kompetente
  • Vi viser respekt