Åtte entreprenørar i Rogaland får kontraktar

Fjellsikring er typisk arbeid som avtalen dekker. Agnes Haker  Rogaland fylkeskommune har gitt åtte lokale entreprenørar kontraktar for vegarbeid.

Mange entreprenørar i Rogaland var interessert i rammeavtalen for det som heiter mindre vegarbeid, som gjeld frå 2022 til 2026. Rogaland fylkeskommune anslår at den totale økonomiske ramma for heile fireårsperioden er rundt 260 millionar kroner.

– Avtalen startar 1. september og, det er godt å ha han på plass. Vi ser fram til å jobbe saman med flinke entreprenørar, seier prosjektleiar Christian Gryte i Rogaland fylkeskommune.

Eksempel på typiske oppdrag som rammeavtalen dekker er: fortau, busshaldeplassar, gang- og sykkelvegar, kollektivfelt, rundkøyringar, støyskjermar, støttemurar og fjellsikring.

Rogaland fylkeskommune har delt rammeavtalen i tre geografiske område: Nord-Rogaland (Karmøy, Utsira, Haugesund, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Sauda, Suldal og Hjelmeland), Nord-Jæren (Stavanger, Kvitsøy, Randaberg, Sola, Klepp, Time, Hå, Sandnes, Gjesdal, Hjelmeland, Strand, og Forsand) og Dalane (Bjerkreim, Eigersund, Lund, Sokndal og Hå).

I Nord-Rogaland får følgande kontrakt med Rogaland fylkeskommune:

  • Bjarne Nesheim Maskin AS
  • Jostein Myge AS
  • Sigurd Søvik AS

Nord-Jæren:

  • Risa AS
  • Grunn Service AS
  • GH Entreprenør AS

Dalane:

  • Grunn Service AS
  • Berthelsen & Garpestad AS
  • Mesta AS
Til toppen