Visjon og verdiar

Rogaland fylkeskommune bidreg i utviklinga av eit fylke som er gode å leve, arbeide og bu i for alle.

Vi leverer mange og gode tenester innan opplæring, tannhelse, samferdsel, kultur, planlegging og næringsutvikling, kvar dag heile året. Det handlar om å utvikle samfunnet vi lever i, for å ta vare på fortida, notida og framtida.

Visjonen vår

Berekraftig utvikling og sterke fellesskap i heile Rogaland

Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling blir ofte delt inn i miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Alle dei tre dimensjonane er viktige for at vi skal skape ei samfunnsutvikling som sikrar både dagens innbyggarar og kommande generasjonar gode levevilkår. Vi kan ikkje lenger ta livsgrunnlaget vårt for gitt, verken det økonomiske eller det miljømessige. I tillegg må vi som samfunn sette enkeltmenneske i stand til å få eit godt liv.

Sterke fellesskap

Sterke fellesskap fordrar inkludering, tillit og toleranse for ulike meiningar. Her inngår kampen mot sosiale forskjellar, i tillegg til identitet og medborgarskap. Ein sterkt fellesskap og ein tydeleg identitet kan auke både livskvaliteten til innbyggarane og styrke attraktiviteten til Rogaland.

Å skape arbeid, gi tilgang til utdanning og ta vare på naturressursar er like viktige i alle delar av Rogaland. Men heile Rogaland har òg ei utvida betydning. For å utvikle eit berekraftig fylke må heile samfunnet bidra. Forvaltningsnivåa må vere meir samkøyrt, få med seg frivilligheten, og engasjere innbyggarane. På denne måten oppnår vi berekraft og sterke fellesskap i heile Rogaland.

Verdiane våre

Verdiane våre er grunnmuren i arbeidet med å utvikle fylket til det beste for innbyggarane, og dei skal vere synlege i arbeidet vårt.

  • Vi er opne
  • Vi er kompetente
  • Vi viser respekt
Til toppen