Kultur- og næringsavdelinga

Frå 01.01.2020 blei kulturavdelinga og næringsavdelinga slått saman til kultur- og næringsavdelinga.

Kultur- og næringsavdelinga består av følgande tre seksjonar:

  • Seksjon for allmenn kultur
  • Seksjon for kulturarv
  • Næringsseksjonen

Kultur

Fylkestinget har gitt følgande overordna mål for den fylkeskommunale kulturpolitikken:

"Rogaland fylkeskommune har som mål å føre ein offensiv kulturpolitikk og utvikle kulturlivet på regionalt nivå både for profesjonelle, amatørar og publikum generelt dette i nært samarbeid med kommunar, stat og frivillige organisasjonar, institusjonar og private aktørar."

Kulturen skal vere eit sentralt punkt i regionalpolitikken. Han skal legge til rette for å skape like moglegheiter for kulturarbeid og kunstnariske opplevingar i dei ulike regionane i fylket.

Kultur har ansvar for fylkeskommunen si støtte til:

  • kulturinstitusjonar: teater, orkester og museum 
  • frivillige organisasjonar
  • idrett- og friluftsliv

Innan kulturfeltet ligg òg det operative ansvaret for:

  • Den kulturelle skolesekken
  • Fylkesbiblioteket 

Sektormyndigheit innanfor kulturminnevernet med saksbehandling ligg under kultur, og er lagt til seksjon for kulturarv.

Næring

FN sine bærekraftmål er sentrale i fylkeskommunen og ligg til grunn for arbeidet med næringsutvikling, og tek sikte på å utløyse og forsterke:

  • ei felles regional retning for kunnskapsbasert næringsutvikling
  • samordna offentleg verkemiddelbruk
  • ta ei leiarrolle som samfunnsutviklar
  • støtte opp under etableringar og entreprenørskap
  • legge til rette for auka internasjonalisering
  • ha ei koordinerande rolle og gi felles retning
  • samarbeide om å bygge solide regionale institusjonar

Auka kompetanse, forskingsinnsats, omstilling og dessutan auka medvit rundt klima- og miljøpolitikk i næringslivet skal sikrast gjennom regionale verkemiddel. Det vidare arbeidet skal gjerast i tett samarbeid med akademia, næringsliv og andre partnarar for å sikre at verkemidla treffer regionen sitt reelle behov.

I desember 2020 blei Rogalands nye nærings- og innovasjonsstrategi vedteke av fylkestinget. Nærings- og innovasjonsstrategien for Rogaland er førande og gir retning for fylkeskommunen sine prioriteringar innan næringsutvikling.