Mobbeombod for vidaregåande skole

Mobbeombodet for vidaregåande skolar skal bidra til at alle elevar og lærlingar opplever eit godt læringsmiljø utan mobbing og trakassering. Ombodet jobbar for å sikre rettane dine som elev og lærling.

Mobbeombodet for vidaregåande skole gir råd og rettleiing til ungdom, foreldre og skolar slik at eleven sin rett til eit trygt og godt skolemiljø blir vareteke.

Mobbeombod for vidaregåande skole

Ellen Fjermestad

Send e-post

Mobil: 91 67 33 43

Send førespurnad på ein sikker måte via eDialog.

Merk førespurnaden med "Mobbeombod for vidaregåande skole".

 

  ​​​​​​

Kven kan kontakte mobbeombodet for vidaregåande skole?

  • elevar, foreldre og andre rundt eleven
  • lærlingar og lærekandidatar
  • skoleleiarar og andre tilsette i skole og bedrift
  • organisasjonar som ønsker innspel i arbeidet med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø

Kva gjer mobbeombodet for vidaregåande skole?

  • snakkar med deg viss du har opplevd krenkingar eller mobbing
  • Snakke med elevar, føresette og andre som treng råd og rettleiing
  • vere talerøyr for elev/lærlingen og foreldra i mobbesaker som har låst seg
  • formidle kunnskap og informasjon om elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø, i tråd med opplæringslovas §9A
  • ha ulike kurs og foredrag til elevar, lærlingar og tilsette i skolar og bedrifter
  • samarbeide med ulike organisasjonar og støttefunksjonar som jobbar med eller for elevar og lærlingar

Mobbeombodet for vidaregåande skole har teieplikt og er ein uavhengig ressursperson for deg. Saker vil ikkje bli teke opp vidare utan at du er einig.

Les meir om omboda i Noreg.

Artikkelliste