Aksjeselskap og andre selskapsformer

Aksjeselskap og andre selskapsformer som fylkeskommunen har eigarskap i. 

Rogaland fylkeskommune sitt eigarskap omfattar like i underkant av 40 føretak, selskap og samarbeid. I all hovudsak er fylkeskommunen sine eigardelar etablert etter invitasjon frå eksterne partar. Berre få er initiert av fylkeskommunen.  

Kven bestemmer?

Fylkestinget fastset rammene for fylkeskommunens eigarstyring og selskapa si verksemd gjennom blant anna å godkjenne vedtekter, selskaps-/aksjonæravtalar, eigarstrategiar og eierskapsmeldingar. Fylkeskommunen sin eigarstyring skal utøvast gjennom eierorganene.

Aksjeselskap (AS)

Eit aksjeselskap kan eigast av ein kommune eller fylkeskommune åleine, saman med andre kommunar og fylkeskommunar eller saman med private rettssubjekt. I eit AS har eigarane avgrensa økonomisk risiko for selskapet sine økonomiske forpliktingar. Selskapets øvste eigarorgan er generalforsamlinga, og fylkeskommunen som eigar er vanlegvis representert av fylkesordførar, den fylkesordførar gir fullmakt til, eller den fylkestinget har utnemnt som fast eigarrepresentant. Den enkelte eigar sin styringsmoglegheit avheng bl.a. av kor stor eigardel ein har i selskapet, og eventuelle spesifikke bestemmingar i vedtekter. Bestemmingane om aksjeselskap er regulert i aksjelova.

 

Interkommunalt selskap (IKS)

Eit interkommunalt selskap kan berre opprettast av kommunar, fylkeskommunar eller andre interkommunale selskap, og deltakarane har samla sett eit uavgrensa ansvar for selskapet sine forpliktingar. Representantskapet er selskapet sitt eigarorgan og øvste myndigheit. Deltakerkommunane/fylkeskommunane utøver eigarstyring gjennom dei valde medlemmane sine i representantskapet. Bestemmingane om interkommunale er regulert i Lov om interkommunale selskap.

Fylkeskommunalt føretak (FKF)

Fylkeskommunale føretak er ein del av fylkeskommunen som rettssubjekt, og er difor ikkje eit eige selskap med rettsleg eller økonomisk sjølvstende. Fylkestinget skal sjølv treffe vedtak om oppretting av fylkeskommunalt føretak, blant anna velje styre og fastsette vedtekter for føretaket. Fylkestinget er føretaket sitt øvste organ. Bestemmingane om fylkeskommunale føretak er regulerte i kommunelova.