Om Rogaland

Kart av Rogaland som viser kommuneinndeling og de fem regionene. Illustrasjon - Klikk for stort bilde

Rogaland fylke ligg sørvest i Noreg og har akkurat passert 500.000 innbyggjarar i 2024. Fylket er Noregs fjerde største i folketal.

Rogaland består av 23 kommunar, fordelt på Jæren, Nord-Jæren, Ryfylke, Haugalandet og Dalane. Stavanger er administrasjonssenteret.

Dei fem største kommunane i folketal (2023-tal):

  1. Stavanger: 149 048 innbyggjarar
  2. Sandnes: 83 702 innbyggjarar
  3. Karmøy: 43 306 innbyggjarar
  4. Haugesund: 38 292 innbyggjarar
  5. Sola: 28 685 innbyggjarar

Dei fem minste kommunane i folketal (2023-tal):

  1. Utsira: 215 innbyggjarar
  2. Kvitsøy: 544 innbyggjarar
  3. Bokn: 883 innbyggjarar
  4. Hjelmeland: 2 643 innbyggjarar
  5. Bjerkreim: 2 992 innbyggjarar

Areal og geografi

  • Rogaland er 9 377,1 kvadratkilometer stort. Av dette er 8 575 kvadratkilometer land og 802 kvadratkilometer er vatn.
  • Rogaland har omkring 350 kilometer kyst mot havet og ei strandlinje på godt over 2 000 kilometer.
  • Suldalsvatnet er den største innsjøen i Rogaland.
  • Høgaste fjell er Vassdalseggi, 1 658,2 meter over havet, i Suldal.

Elevar og vidaregåande skolar

  • Rogaland fylkeskommune driv 25 vidaregåande skolar. Les meir om dei vidaregåande skolane. I tillegg kjem ein høgare yrkesfagleg fagskole og to skolesenter.
  • 16 417 elevar går på skolane (2021/2022).

Veg og kollektivtrafikk

  • Fylkesvegane i Rogaland er viktige i fylket sitt samla transportsystem, og utgjer til saman 2 500 kilometer.
  • 1,44 milliardar kronar går med til kollektivtrafikk i 2021, inkludert 312,5 millionar frå Byvekstavtalen. Kolumbus er mobilitetsleverandøren i fylket. Det betyr at Kolumbus har ansvar for buss- og hurtigbåttrafikken i Rogaland. I tillegg jobbar selskapet for at tog, sykkel, gonge og bildeling heng saumlaust saman med buss og båt slik at folk skal komme seg frå A til Å utan bruk av eigen bil.
  • Rundt 20,8 millionar bussreiser i 2020.
  • Rundt 500 000 båtreiser.
  • Skoleskyss for 20 600 elevar.
  • Tilrettelagt transport for 8 500 personar.