Helgøy ferjekaiOmdirigeringa skjer frå og med avgangen klokka 05.30 den 29. april, og til og med anløpet klokka 00.45 den 4. mai.
–Me har fått meldingar om enkelte bilar som kjem i kontakt med bakken når dei køyrer av og på ferja. No reparerer me ferjelemmen slik at dette ikkje skjer, seier Håkon Odland som er byggjeleiar i Rogaland fylkeskommune.
Ingen ferjeavgangar blir kansellerte og hurtigbåtane går til Helgøy som normalt.
Helgøy ferjekai ligg på Helgøy som er ein av Sjernarøyane.