Stenger Bjerkreim bru for biltrafikk

Bjerkreim bru skal gjennom ei rekkje vedlikehaldsarbeid, og blir stengd for biltrafikk frå tysdag 22. april og fram til utpå sommaren.

Vei som går over i ei bru - Klikk for stort bildeBjerkreim bru

Brua er open for gåande og syklande i arbeidsperioden. Mesta AS som er entreprenør, startar med å setje opp eit hengestillas, som skal stå på brua under heile anleggstida. 

 –Etter planen skal brua vere stengd fram til 31. august 2025, men vi jobbar for å gjennomføre arbeidet, som krev stengd bru, så effektivt som mogeleg. Vi håpar å opne vegen i juni for så å stenge ein kort periode i slutten av anleggsperioden i august, seier byggeleiar i Rogaland fylkeskommune John-Olav Kirkengen. 

På oversida av brua skal

  • skada betongdekke bli reparert
  • brudekke bli reasfaltert og fuktisolert
  • skada rekkverk bli skifta ut
  • brufuger bli reparerte

 

På undersida av brua skal

  • ståkonstruksjon bli vedlikehalde
  • skada betong bli fjerna (meisla) bort, 
  • skada armering bli skifta ut og ny sprøytemørtel bli påført

 

På eit seinare tidspunkt i anleggsperioden må brua bli heilt stengt, også for dei som går og syklar. Det er på grunn av ny betong under brua som treng å herde, og då kan det ikkje vere vibrasjonar i brudekket.

 Omkøyring

Gamle Bjerkreimsveg er omkøyringsveg i anleggsperioden. Skilt blir sett opp for å leie trafikantane.

 – Vi takkar for forståing og tolmod medan vi jobbar på Bjerkreim bru, seier Kirkengen.

kart som viser hvor brua ligger og omkjøringsveien - Klikk for stort bildeHer viser omkjøringsveien