No blir nytt fortau bygd i Hinderåvåg

Fylkeskommunen startar no å byggje fortau ved Nedstrand kyrkje i Hinderåvåg i Tysvær kommune.

Illustrasjon som viser kvar fortauet skal byggjast - Klikk for stort bildeHer kjem det nye fortauet på same side av vegen som Nedstrand kyrkje ligg

– Entreprenør Vassbakk og Stol har rulla ut maskiner og utstyr, og går ganske raskt i gang med bygging. Går du forbi kyrkja og lurer på kva som skjer, så er det oss som bygger fortau der, seier prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune Kristian Søndenå. 

Tryggare å gå og sykle

Eit omtrent 350 meter langt fortau skal byggast langs delar av fylkesvegane 4786 og 4788. Det er eit fortau som skal liggje på same side av vegen som kyrkja, og som blir 2,5 meter breitt. Det kjem også nytt lysanlegg på heile strekninga.

– Det nye fortauet vil gi ein tryggare veg for myke trafikantar langs fylkesvegane, og knyter bustadområdet betre saman med sentrum i Hinderåvåg, der det er nærbutikk, kyrkje, parkeringa til Himakånå og Nedstrand barne- og ungdomsskule, seier Søndenå.

Kan bli noko ventetid for bilane

I periodar skal entreprenøren sprenge bort berg og bruke større maskiner som gravemaskin, bolterigg og lastebil. Då må bilistane rekne med noko ventetid medan arbeid pågår. Trafikkdirigentar styrer trafikken, og skilt som viser lokal omkøyringsveg blir sett opp.

– Tryggleik er viktig for oss, og vi oppmodar alle til å ta omsyn til kvarandre og anleggsarbeidarane i byggeperioden, seier Søndenå.

Skal bygge nytt fortau på Hinderåvåg i Nedstrand

Eit kart som viser kor fortauet kjem - Klikk for stort bildeKart som viser kvar fortauet skal byggjast. Nedstrand kyrkje er på høgre side av vegen i midten på kartet.