Desse vegane blir asfaltert i Rogaland i år

Asfaltsesongen startar no, og mange fylkesvegar i Rogaland får ny asfalt dei neste månadane.

Maskinar legg asfalt på ein veg - Klikk for stort bildeHer blir den første asfalten lagt i 2024. Den heldige vegen er fylkesveg 4370 Vigre

– Arbeidet med å leggja ny asfalt skjer heile døgnet.  Asfaltarbeid er støyande, og me forstår at arbeidet er forstyrrande for naboar. Grunnen til at arbeidet skjer òg på kveldar og nettar, er omsynet til trafikantane, fortel prosjektleiarane Christian Gryte og Torbjørn Jektnes i Rogaland fylkeskommune.

Rogaland fylkeskommune har skrive tre kontraktar for asfaltering og fresing med to entreprenørar, Velde Asfalt AS har fått del-kontrakt 1 for Nord-Rogaland. NCC Industry AS har fått del-kontrakt 2 for Dalane og Jæren, og del-kontrakt 3 for Nord-Jæren og Ryfylke.

Dei to leverandørane skal produsera og leggja om lag 55 000 tonn asfalt.  Asfaltsesongen varer til godt ut på hausten, kanskje så lenge som november. Dette avheng av vêret. Prosjektleiarane Torbjørn Jektnes og Christian Gryte ber publikum visa omsyn og følgja skilting og dirigering.


– Ta omsyn til dei som jobbar.  Arbeidsfolk langs vegane er spesielt utsett for ulykker, poengterer Jektnes og Gryte.


PS! Det kan bli endringar undervegs.

 

Her kjem det til å lukte asfalt

Sør-Rogaland

Sør–Rogaland
FylkesvegKvar
SokndalsvegenEigersund
TengesdalBjerkreim
EigeveienEigersund
Buevegen
Vigre
Gilja - ByrkjedalGjesdal
FossmorkvegenSandnes
VelandsvegenStrand
Randøy RingHjelmeland
Øksnevad - GanddalKlepp
Ganddal - SandvedSandnes
LalandsveienKlepp
UndheimsvegenTime
Sola fv. 510Sola
RegimentsveienStavanger
TastagataStavanger
Ålgårdsvegen - SalenTime
Ålgårdsvegen Time
LyevegenTime
FinnestadveienStavanger
Vikevåg - HegglandStavanger
Heggland - ØsthusvikStavanger
HanasandveienStavanger

 

Nord-Rogaland

Nord-Rogaland
VegKvar
Utgang Hamratunnelen X fylkesveg 517 JelsaSuldal
Stangelandsgata - HavnegataKarmøy
HeiåKarmøy
Kartmyr - MyrhaugKarmøy
DreganesvegenVindafjord
X Lodavegen - AlvestadBokn
KyrkjebakkenBokn
Gunnarstad - BoknabergsvatnetBokn
Mellavatnet - TrosnavågBokn
Eikje X E39 - KårstøTysvær
GS SandeidvegenVindafjord