Nettredaksjonen

Nettredaksjonen i Rogaland fylkeskommune består av medarbeidarar frå ulike avdelingar og seksjonar.

Nettredaktøren har det faglege ansvaret for drift og vidareutvikling av fylkeskommunen sine digitale hovudkanalar.

Fylkesdirektøren er ansvarleg redaktør for alt innhald på nettsidene våre, både fylkeskommunen si nettside og alle dei vidaregåande skolane sine nettsider.

Nettredaksjonen jobbar kontinuerleg med å forbetre og vidareutvikle fylkeskommunen sine nettløysingar. Vår publiseringsløysing er levert av Acos AS og nye nettsider for heile fylkeskommunen blei lansert desember 2019.

Har du spørsmål om nettsidene, eller leitar etter noko du ikkje finn, kan du kontakte oss på e-post: nettredaksjonen@rogfk.no.

Du kan òg kontakte fylkeskommunen sin nettredaktør Øyvind Nesvåg direkte.