Ledige stillingarVi leverer mange og gode tenester i heile Rogaland, kvar dag heile året. Bli med og gjer Rogaland til ein region det er godt å leve, arbeide og bu i for alle.Vi har ledige stillingar på fleire av våre vidaregåande skular, tannklinikkar og i fylkesadministrasjonen.Sjå våre ledige stillingarBli ein av ossHos oss møter du menneske med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn, alle med eit ynskje om å skape eit betre Rogaland for innbyggarane. Vil du se denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapsler. Jobb med meining Vi kan trygt seie at vi har ein jobb med meining. Det handlar om å utvikle samfunnet vi lever i, for å ta vare på fortida, nåtida og framtida. Hos oss får du:ein spennande jobb med meiningsfulle arbeidsdagarhøgt utdanna og erfarne kollegaer som trivast på jobbbidra aktivt i samfunnsutviklinga i regionenBli kjent med nokre av våre medarbeidarar Nokre av våre oppgåverRogaland fylkeskommune har blant anna ansvar for: vidaregåande skole og opplæring tannhelseveg og kollektivtransportfolkehelse og integreringplanlegging og samfunnsutviklingnatur, klima og miljøkultur og kulturvernnæringsutvikling Mangfald og inkluderingVi er opptekne av å ha ein inkluderande og mangfaldig arbeidsplass. Derfor oppfordrar vi alle som er kvalifiserte til å søke jobb hos oss. Vi tilpassar gjerne arbeidsplassen for deg om du har behov for det. Vil du bli lærling i Rogaland fylkeskommune? Vi har over 100 læreplassar fordelt på flere lærefag ved dei vidaregåande skolane våre og i fylkesadministrasjonen.Dei fleste stillingane blir lyst ut i perioden januar til mars kvart år. Les meir om å vere lærling i fylkeskommunen