Faktura frå Rogaland fylkeskommune

Alle fakturaer frå Rogaland fylkeskommune blir forsøkt sendt digitalt via EHF, Vipps, Digipost eller e-post. Viss dette ikkje er mogleg, sendast fakturaen i papirform i postkassa.

For meir informasjon om dei ulike digitale kanalane:

EHF-faktura

Bedrifter/organisasjonar som er registrert som EHF-mottakar i ELMA-registeret vil få fakturaen som EHF.

Faktura via Vipps

For å få fakturaen i Vipps, må denne tenesta vere aktivert. Dersom du har oppdatert Vipps-appen nyleg, så ligg denne tenesta automatisk inne. Viss du ikkje ønsker å få fakturaer i Vipps må du gå inn og deaktivere dette.

Faktura i Digipost

Føresetnaden for å få fakturaen i Digipost, er at du allereie har ei digital postkasse og at du ikkje har reservert deg mot digital post frå det offentlege.

Faktura som vedlegg i e-post

Ønsker du å ta imot faktura som vedlegg i e-post føreset det at du har gitt oss tilbakemelding om det, og er registrert med ein gyldig e-postadresse i Rogaland fylkeskommune sitt kunderegister. Det er viktig at du sjekkar spamfilter og søppelpost då fakturaen kan hamne der.

Får du ny e-postadresse, vennlegast send melding til innfordring@rogfk.no slik at vi får oppdatert denne. Dersom vi ikkje får skriftleg melding om dette og faktura går til ugyldig e-postadresse, så står kunden sjølv ansvarleg for påløpte renter/gebyr.