Salsfaget

I Rogaland fylkeskommune har vi læreplassar innan salsfaget på nokre av dei vidaregåande skolane våre.

lærling i salgsfaget står i kassen i en kantine - Klikk for stort bilde

Ønsker du å jobbe med sal og marknadsføring og trivst med å gi god service? Då kan ein læreplass i salsfaget vere det rette for deg.

Som lærling eller lærekandidat i salsfaget, jobbar du i kantina på ein av dei vidaregåande skolane våre. Kantinene har sal av mat og drikke til elevar, tilsette og besøkande. Du deltek aktivt i salsarbeidet i samarbeid med kantinas tilsette. Nokre skolar har eit samarbeid med ei anna lærebedrift, for å gi deg god og variert opplæring. Det vil som oftast vere i skolen sine feriar at du jobbar i ei anna lærebedrift.  

Arbeidsoppgåver:

  • salsarbeid i skolen si kantine
  • marknadsføre kantina sitt produkt 
  • gi god service ovanfor skolen sine elevar, tilsette og besøkande 
  • bruk av digitale verktøy i salsarbeidet 

Personlege eigenskapar 

Du er serviceinnstilt, utåtvend og trivst i kontakt med kundar og kollegaer. Dine kommunikasjons- og samarbeidsevner er gode, og du er interessert i marknadsføring og sal, og ønsker å gi kundane god service.  

Kvalifikasjonar:

  • fullført og bestått Vg1 sal, service og reiseliv og Vg2 sal og reiseliv 
  • du kan skrive og snakke godt norsk 
  • gode digitale ferdigheiter