Vant kunstkonkurranse

Kunstnar Simone Hooymans - Klikk for stort bildeSimone HooymansMed ein interaktiv rev i blå hettegenser vant Simone Hooymans kunstkonkurransen for utsmykking av «nye» Godalen videregående skole.

Godalen videregående skole i Stavanger blir rehabilitert og utvida med eit nybygg. I mars i fjor inviterte Rogaland fylkeskommune til ein kunstkonkurranse for å lage innandørs og/eller utandørs kunstnarisk utsmykking til den nye skolen. Ein samrøystes jury har valt Simone Hooymans kunstverk «Move forward and step back» som vinnar.

Simone Hooymans  – Eg er overraska, kjempeglad og stolt. Eg har aldri vore med på utsmykking av ein videregåande skole før, så dette er nytt og spennande for meg. Det er ekstra gledeleg at elevane på skulen likte kunstforslaget mitt, og det er kult at juryen valgte mitt forslag fordi det har ein heilt spesiell teknikk, seier Simone Hooymans.

Treff målgruppa godt

Juryen stadfestar at Simone Hooymans treff målgruppa godt, med sine tre interaktive verk (sjå film lengre ned i saken som illustrerar verket i skolebygget). Juryen omtalar kunstverket som eit poetisk og leikande uttrykk, som inviterer til å la seg inspirera og drøyma i elevane og dei tilsette sin skolekvardag. Ein frå skoleleiinga og to elevar ved Godalen vgs er representert i kunstgruppa frå brukarane, og dei er svært begeistra for Simone Hooymans sitt bidrag. 

– Det er kjekt, og samtidig viktig at vi som er elevar har fått vere med og koma med innspel, seier Rahwa Asefa, vg2-elev ved treteknikk på Godalen vgs.

Referanse til yrkesfaga

Det analoge handverket er berande i Hooymans sitt kunst prosjekt.

– Dette er ein tydeleg referanse til Godalen videregåande skole og dei ulike  handverksyrka ein kan utdanna seg i. Eit handverk er noko som har verdi og som ein skal vere stolt av, påpeikar Simone Hooymans.

Elevrepresentantane meiner kunstverket hennar er veldig spennande.

– Kunstverket er dynamisk og eit skikkeleg blikkfang. At det er interaktivt, er hovudårsaka til at vi ønska oss desse bileta på skolen. Dei gjer at ein stoppar opp og tenker litt, seier Katarina Bjørsvik, vg2-elev ved søm og tekstil på Godalen vgs. 

Fagkoordinator Anne-Kristin Sæther sammen med vg2-elevane Katarina Bjørsvik og  Rahwa Asefa ved Godalen videregående skole. - Klikk for stort bildeFagkoordinator Anne-Kristin Sæther sammen med vg2-elevane Katarina Bjørsvik og Rahwa Asefa ved Godalen videregående skole. Kunsten når breitt

Kunstnarisk utsmykking er når kunst vert set inn i ein samanheng og med hensikt. Det kan virke forskjønnande, men viktigare er kunstens effekt som bidrag til  identitetsbygging og heving av etiske og sosiale verdiar.

– Kunsten når i desse samanhengane breitt, og kan difor også bidra til å redusera sosiale ulikskapar i kven som møter kunst i sin kvardag. I eit skolebygg kan utsmykking også bidra til å skape kreativitet, redusera støy og hærverk, inngå i læring og i sosial samling, seier Anne-Kristin Sæther, fagkoordinator i kultur og næringsavdelinga i Rogaland fylkeskommune.

Elevar si vekst og utvikling

Kunstverket inviterer elevane til bevege seg saman med bileta. Alle bestemmer sjølv kor raskt og kva slags veg dei vil bevege seg, kunstverket følgjer med og endrar seg.  Det gjev moglegheit for leik og undring for kvar einskild. Konseptet for kunstverka er basert på ideane om individuell vekst og utvikling. Alle elevar er ulike og alle utviklar seg på ulike måtar.

– Eg ønskte å lage eit interaktivt kunstverk som skal fortelje små historier i små sekvensar, som ein teiknefilm. Ein får eit blikk inn i ei anna verd, og ei historie som kan forteljast på ulike måtar, alt etter korleis du vil møte kunstverka, fortel kunstnar Simone Hooymans.

Elevane kan velgje

Namnet på verket «Move forward and step back” kan verke som ei motsetning, men det referer til at elevane, i denne fasen i livet deira, vert stimulert til å gå framover og førebu seg på framtida, men nokre gonger er det likevel fint å ta ein pause og sjå kva ein har fått til. Dette viser tilbake på kva elevane kan gjera med kunstverket, kunsten vil alltid reagere på kva dei vel å gjere, anten dei står stille, beveger seg eller tek eit steg tilbake og utløysa fantasi og leik. Elevane kan sjølv velgje korleis dei vil oppleva historia.

Linseforma teknikk

Hooymans kunstverk er i eit materiale som gjev det liv, som ein animasjon, og har element som kjem fram og vert borte alt etter korleis ein beveger seg i rommet. Bileta vert trykte på vertikale, linseforma plater. Dei linseforma platene er laga på ein slik måte at når dei blir sett på frå ein litt anna vinkel, vil ulike deler av bilete under verte synlege. Teknikken kallas Lentikulært trykk.

Dei handlaga teikningane er akvarellar på papir og ho har og brukt blyant. Teikningane vert skanna og set samen i eit 3D-animasjonsprogram som Hooymans ofte brukar når ho jobbar med animasjonsfilmar.  Det nye i dette prosjektet er at ho nyttar ein annleis teknikk for å vise ein historie utan straum og programvare.

Overleverast høsten 2023

Tre forslag til utsmykking frå fire kunstnarar deltok i kunstkonkurransen. Dei andre som deltok i konkurransen var: Per Christian Brown, Marius Dahl og Jan Christensen. Signe Christine Urdal og Evy Horpestad Tjåland er kunstkonsulentar i prosjektet som har eit totalt budsjett på to millionar kroner. Kunstverket skal overleverast skolen ved start av skoleåret 2023-2024.

Om Simone Hooymans:

Simone Hooymans er animatør, kunstnar og filmskapar. Ho er opprinneleg frå Nederland, men bur og arbeidar i Ålvik, Hardanger. Ho er utdanna ved kunstakademiene i Arnhem og Breda i Nederland og har vunne ei rekke prisar for sine særeigne animasjonsfilmar. Simones handteikna animasjonar er kjenneteikna av fantastiske fargar og fascinerande rørsler som sug sjåarane med seg inn i nye univers. Ho arbeidar primært med teikning og animasjonar. I 2020 markerte ho seg under åpningsutstillinga til Deichmans nye hovedbibliotek i Bjørvika, med ein større videoinstallasjon "Talking Plants". 

Hooymans jobbar mye med samspelet mellom nyskapande musikk og kunst med sine animasjonar og videoinstallasjonar. Ho har jobba saman med fleire norske musikarar og deltatt på ein rekkje internasjonale gruppeutstillingar og filmfestivalar. 

Den lokale kunstkomiteen består av fylgjande medlemmar:

Representant for brukarane (Godalen vidaregåande skule): Anne Solveig Frøiland Løndalen (ansatt) og Katarina Bjørsvik (elev) og Rahwa Asefa (elev).
Arkitekt : Pierre-Marie Le Dantec (Asplan Viak), prosjektledar: Edeltraud Munding (Bygg-og eiendomsavdelinga) og kunstkonsulentane: Signe Christine Urdal og Evy Horpestad Tjåland

Det fylkeskommunale utsmykkingsutvalet i Rogaland (DFU) og jury: 

Inghild Vanglo (Rogaland fylkeskommune, politikar og leiar av utvalet), Mona Orstad Hansen (Bildende Kunstneres Forening i Rogaland BKFR), Pia Myrvold (Norske kunsthåndtverkere i Rogaland NKHV-R), Renee Thomassen (Bygg og eigedomsavdelinga) og sekretær Anne-Kristin Sæther (Kultur og næringsavdelinga)

Til toppen