Susanne Sundfør tildelt fylkeskommunens Bragdpris

Artisten Susanne Sundfør frå Haugesund er tildelt Rogaland fylkeskommunes Bragdpris.

Artist Susanne Sundfør. Foto - Klikk for stort bildeSusanne Sundfør All Things Live

– Susanne Sundfør er, og har i lengre tid vore, ein internasjonal artist. Ho får prisen for sitt musikalske mot, sitt engasjement, og for å forsøke å gje oss håp og tru i ei vanskeleg tid. Ho vil truleg fortsett å overraske oss og bryte med forventningane me har til henne, akkurat slik ein kunstnar med integritet skal, sa fylkesordførar Ole Ueland i sin tale til Bragdpris-vinnaren.

Sundfør er glad for å få prisen, men hadde ikkje høve til å sjølv ta imot prisen i fylkestinget 12. desember. Ho vil få overrekt statuett av Kristoff Nasilowski og prisen på 100.000 kroner ved eit seinare høve. 

Kontinuerlig i bevegelse

I 2009 ga ho ut sitt fyrste album, og for det fekk ho Spellemannsprisen i klassen «Årets kvinnelige artist». Den takka ho for med fylgjande helsing: «Eg er fyrst og fremst artist, ikkje fyrst og fremst kvinne», og sette med det standarden for karrieren sin – med engasjement og mot til å gå sine eigne vegar. Den smått legendariske takketalen var byrjinga å slutten for kjønnsdelte klassar i Spellemannsprisen, men det har ikkje hindra henne i å vinne fleire prisar, både Spellemann eller andre.

Musikalsk er ho i kontinuerleg bevegelse – det er aldri godt å vite kva som kjem rundt neste sving. Likevel er det alltid nokså lett å høyre at det er henne, fyrst og fremst på stemma, men òg på den sterke melodisansen. Men utover det kan alt skje. Som ein platemeldar skreiv: «Et enkelt pianoriff ruller av gårde, plukker opp karakteristika fra folk, jazz og pop langs veien, og ender opp med hodet bak og øynene lukket, i pur gospel». Og trass den musikalske slalåmkøyringa, fylgjer både kritikarar og publikum interessert etter. Terningkasta er høge, og konsertlokala fulle. 

Kompromisslaus kunstnar

Det er ikkje opplagt at ein kompromisslaus kunstnar som Susanne Sundfør skal klare å begeistre både kollegaer, kritikarar og publikum i ei slik grad som ho gjer. Tekstane har hatt noko melankolsk og mystisk over seg, somme tider misantropisk, andre gonger med ein kjøleg distanse. Musikken er langt frå friksjonsfri, og bryt med vanlege normer for ein poplåt. Singer-songwriter-tradisjonen har dessutan eit strengt autentisitetskrav – det må vere kort veg mellom songen og livet. Også her utfordra lenge Sundfør konvensjonane. Ho gav få intervju, og har lete musikken snakke for seg. For at det skal kunne lukkast, må musikken verkeleg ha kraft til å røre ved dei som høyrer på. 

Nytt album i 2023

Men så tok historia ei ny vending. Etter albumet «Music For People In Trouble» frå 2017, var det forholdsvis stille ei tid. I mens møtte ho mannen i sitt liv, ho vart mor, ho heiv seg over bøker og studiar – alt frå historie og matriarkat til klima og urtemedisin. All denne energien hamna etter kvart inn i musikken igjen, og resultatet er det - som vanleg - utypiske albumet Blómi. Her er stemninga ein heil del meir optimistisk enn me har vore vande med. Og no snakkar ho ope om seg sjølv i intervju og podcastar, og deler korleis det var å bli mor, og om kjærleiken til livet og trua på at menneska kan finne vegen ut or dei vanskane me har sett planeten vår i om me berre klarar å utnytte vår største styrke som art: evna til å samarbeide og finne løysingar i lag. 

Bragdprisen er ein honnør til ein person som har markert seg ut over det vanlege nasjonalt og/eller internasjonalt i sitt arbeid. Alle som vil kan nominera kandidatar. Prisvinnar vedtas av fylkesutvalet og vert overrekt av fylkestinget.

Les meir om Bragdprisen og tidlegare års vinnarar