Skaper nytt liv for elvemusling og aure

20 tonn kalkstein og 55 tonn gytegrus og stein er lagt ut i Lerangsbekken i Strand. Målet er betre leveforhold for elvemusling og sjøaure. Elevar frå Strand vgs var med på gjennomføringa.

Elevar frå utdanningsprogrammet naturbruk ved Strand vidaregåande skule var med då arbeidet i Lerangsbekken blei gjennomført. Jarle Lunde

Nyleg blei det gjennomført omfattande tiltak i Lerangsbekken i Strand kommune. Kalkstein, gytegrus og større steinar blei frakta ut i vassdraget med helikopter og fordelte på prioriterte område.

Tiltaka skal betre både vasskvaliteten og leveområda i bekken. Kalksteinen skal bidra til å redusere forsuring, noko som er positivt for fisk, elvemusling og andre botndyr. Gytegrus og stein skal gi sjøauren betre forhold for gyting og oppvekst.

Kalkstein, gytegrus og større steinar blei frakta ut i vassdraget med helikopter og fordelte på prioriterte område i Lerangsbekken. Jarle Lunde

Totalt blei 20 tonn kalkstein og 55 tonn gytegrus og stein frakta ut med helikopter.

– Arbeidet i Lerangbekken er eit av mange vassdragstiltak som gjennomførast denne hausten i heile Rogaland. Målet er å forbetre vassmiljøet og gje oss meir levande vassdrag. Arbeidet skjer med grunnlag i vassforskrifta og regional vassforvaltningsplan, seier seniorrådjevar Elin Valand i seksjon energi og miljø i Rogaland fylkeskommune.

Elin Valand i seksjon energi og miljø i Rogaland fylkeskommune i aksjon i Lerangsbekken.

Elevar bidrog i arbeidet

Elevar frå utdanningsprogrammet naturbruk ved Strand vidaregåande skule deltok i arbeidet over to dagar. Mellom anna bar dei kalkstein ut til fleire av dei mindre bekkane i området.

Innsatsen frå elevane gjorde det mogleg å gjennomføre arbeidet meir effektivt, samtidig som elevane fekk sjå korleis praktisk vassforvaltning går føre seg.

Jarle Lunde, koordinator i Ryfylke vassområde, har hatt hovudansvaret for gjennomføringa. Grunneigarar og elevane ved Strand vidaregåande skule har bidrege i det praktiske arbeidet.

Tiltaka i Lerangsbekken er del av eit pilotprosjekt som skal gi meir kunnskap om korleis bekkekalking kan brukast for å betre leveforholda for elvemusling. Elin Valand

– Dette vil vere positivt for både fisk, elvemusling og andre bunndyr. Utlegging av gytegrus og større stein skal i tillegg betre gyte- og leveforhold for fisken, seier Lunde.

Før gytegrusen blei lagd ut, blei områda undersøkte for elvemusling. Muslingar som låg i tiltaksområda, blei flytta mellombels medan arbeidet gjekk føre seg. Konsulentar frå Limnologane var med for å sikre at dette blei gjort på ein forsvarleg måte.

20 tonn kalkstein og 55 tonn gytegrus blei lagt ut i bekken. Elin Valand

Pilotprosjekt for elvemuslingen

Tiltaka i Lerangsbekken er del av eit pilotprosjekt som skal gi meir kunnskap om korleis bekkekalking kan brukast for å betre leveforholda for elvemusling.

Det finst avgrensa erfaring med direkte kalking av mindre bekkar på denne måten. Difor skal effekten av tiltaka følgjast og evaluerast. Norsk institutt for naturforskning (NINA) er sentral i både planlegging, finansiering og evaluering av prosjektet.

Prosjektet er planlagt i samarbeid mellom Norsk institutt for naturforskning (NINA), Ryfylke vassområde, Rogaland fylkeskommune, Strand kommune og Norges jeger- og fiskerforbund (NJFF) Rogaland.

Godt samarbeid då tiltaka i Lerangsbekken i Strand kommune vart utført, blant anna ved hjelp frå elevar frå utdanningsprogrammet naturbruk ved Strand vidaregåande skule. Jarle Lunde

Fakta Lerangsbekken

  • Lerangsbekken ligg i Strand kommune og renn ut i Lerangsvågen.
  • Vassdraget er om lag 6,8 kilometer langt og har ein relativt stor bestand av elvemusling, men få unge muslingar.
  • Forsuring, næringsstoff, partiklar og for få aureungar er blant utfordringane i vassdraget.
  • Tiltaka skal betre vasskvaliteten og gyte- og oppvekstområda for aure og elvemusling, og er del av arbeidet etter vassforskrifta og Regional plan for vassforvaltning.
  • Bekkekalkinga i Lerangsbekken er eit pilotprosjekt som skal gi meir kunnskap om korleis kalking kan betre leveforholda for elvemusling.
  • NINA, Ryfylke vassområde, Strand kommune og NJFF Rogaland samarbeider om prosjektet.