F.v.: fylkesordførar i Vestland Jon Askeland, fylkesordførar i Møre og Romsdal Anders Riise og fylkesordførar i Rogaland Ole Ueland.
Morten Wanvik
Arendalserklæringa om Vestlandsvegen E39 vart signert under Arendalsuka måndag av fylkesordførarane Ole Ueland i Rogaland, Jon Askeland i Vestland og Anders Riise i Møre og Romsdal.
Fylkesordførar i Rogaland, Ole Ueland, trekk fram kva E39 betyr for å knyte Vestlandet tettare saman.
– E39 er viktig for å binde heile landsdelen vår saman, og har stor betydning for næringslivet, for folk og trafikksikring, og ikkje minst for effektiv transport. Dette samarbeider vi om, og dette skal vi setje fullt trykk på, seier Ueland.
Jon Askeland, leiar for Vestlandsrådet og fylkesordførar i Vestland peikar på kor viktig E39 er for verdiskapinga på Vestlandet.
– Vårt einaste mantra er ferjefri E39 og mest mogleg verdiskaping på Vestlandet, slik at resten av landet kan ha noko å leve av. Erklæringa seier at vi skal jobbe knallhardt vidare til alt er ferdig bygd, sa han under arrangementet i Arendal.
Langs E39-korridoren blir store delar av eksportinntektene til landet skapte innan sjømat, maritim næring, energi, industri, reiseliv og teknologi. I erklæringa peikar dei tre fylkesordførarane på at ein moderne og samanhengande E39 er avgjerande for konkurransekraft, beredskap, arbeidsmarknad og busetjing langs heile Vestlandet.
Vil ha forpliktande plan
I erklæringa peikar fylkesordførarane ut fire område dei vil arbeide for. Dei vil at Vestlandsvegen E39 igjen skal bli prioritert som eit nasjonalt hovudprosjekt i komande Nasjonal transportplan, og at det kjem ein forpliktande plan for utbygging av dei attståande delstrekningane og fjordkryssingane.
Dei vil også at alternative finansierings- og gjennomføringsmodellar blir vurderte for å få ei raskare realisering av prosjektet. Samtidig slår dei fast at dei tre vestlandsfylka skal stå samla i arbeidet for å få gjennomført heile Vestlandsvegen.
– Vi stadfestar einigheita om å satse på E39 Vestlandsvegen. Det er viktig for alle dei tre vestlandsfylka, seier fylkesordførar i Møre og Romsdal, Anders Riise.
Han peikar også på behovet for å løfte E39 inn mot arbeidet med ny Nasjonal transportplan, og på betydninga vegen har for næringslivet.
Arendalserklæringa avsluttar med at arbeidet skal halde fram til Vestlandsvegen er realisert.
Sjå arrangementet om E39 Vestlandsvegen på Arendalsuka i opptak
Kontaktperson i Rogaland:
Fylkesordførar Ole Ueland, mobil 92 61 3103.